Romfartens gentleman - Foredrag med Erik Tandberg

Tandberg foto tv.jpg

Erik Tandberg kjem til Førde og Sogndal!

 
 

- Til slutt var studio tomt, bortsett frå ein kameramann som sat i ein lenestol, temmeleg utslått. Eg merka ikkje at eg var trøytt. Det var ei historisk natt, eg var rørt.

Slik fortel sivilingeniør og offiser Erik Tandberg om ”Månenatta” i 1969. Søndag 20 juli kl 21.17 norsk tid landa Neil Armstrong og Edwin Aldrin ”The Eagle” på månen. Ikkje før nærare klokka fire på natta fall dei berømte orda på sprakande linje frå verdsrommet: - Eit lite steg for ein mann, eit gigantisk sprang for menneskeheita. 

Kappløpet mot månen starta allereie ved innleiinga av romalderen 4. oktober 1957 med Sovjetunionen si oppskyting av Sputnik 1, deretter Sputnik 2 med hunden Laika om bord. Fleire sovjetrussiske suksessar fulgte, toppa med Jurij Gagarin som første menneske i verdsommet 12. april 1961. No mobilserte den nyinnsette presidenten John F. Kennedy til eit mottrekk: USA skulle landsette menneske på månen innan utgangen av 1960-talet. 

På denne tida studerte Erik Tandberg ved Princeton University. Her møtte han mellom andre Werner von Braun, den tyske rakettforskaren og romfartseksperten som sto i spissen for NASA sitt måneprosjekt, Apollo. Seinare møtte han både Jurij Gagarin og Neil Armstrong, og kom til å bli vår fremste formidlar av romfart og det fascinerande verdsrommet vi svevar rundt i. 

Kva no? 
Kunnskapen vert utvikla i raskare tempo enn nokon gong, det finst planar om utvinning av mineralar på asteroidar og planetar, overføring av store energimengder frå verdsrommet til jorda og vi veit med stor sikkerheit at det er vatn i grunnen på mars. Kor tid landar det første mennesket frå mars? Erik Tandberg fortel i foredraget denne kvelden mellom anna om korleis ei mellomlanding på månen kanskje kan gjere reisa muleg. 

Romfartens gentleman vitjar Førde og Sogndal i samband med at Sogn og Fjordane teater set opp stykket ”Fysikarane” av Friedrich Dürrenmatt, ei svart komedie skriven i 1962, midt under den kalde krigen. Vitenskapens genialitet – og galskap vert tematisert. Erik Tandberg sitt foredrag reflekterer over vitenskapens realitet, slik han observerte den på nært hald dette tiåret, og framover mot vår tid. Steg for steg bevegar mennesket seg utover i universet. Like før jul i år offentleggjorde Pentagon bilder frå NASA sitt til då hemmelege UFO-program. Kven vinn kappløpet, denne gongen? Kjem mennesket først til mars?

I sitt 84 år formidlar Erik Tandberg framtidsperspektiv basert på tiår med historisk innsikt og erfaring, stadig held temaet han vaken og brennande engasjert, som under ”Månenatta”.


Arrangementet er i samarbeid med Gloppen Sogelag som står bak foredragsserien "Verda og vi" i Trivselshagen på Sandane og Rom for ord.

16. februar kl 17.30 Sogndal kulturhus, Storsal
17. februar kl 17.00 Førdehuset, Storsalen