2017 Miriam si forteljing (breidde)1.jpg
 

 

Invitasjon til première

Sogn og Fjordane Teater ønskjer deg velkomen til première på "Miriam si forteljing - Juleevangeliet" av Håvard Rem, laurdag 25. november kl 18:00 i Førde Kyrkje. 
 

25. november er det nypremière på Miriam si forteljing - Juleevangeliet.

Å levandegjere ei historie som kanskje ikkje er levande for oss lenger. Dette var eitt av forfattar Håvard Rem sine ønskje, då han bestemte seg for å gjenfortelje sjølvaste juleevangeliet med ei heilt ny stemme som utgangspunkt.

I Håvard Rem sin tekst er det Miriam, søstera til Josef og ei kvinne av folket, som fører ordet. Gjennom henne kjem ein ikkje berre tett innpå menneska og omstenda rundt Jesu fødsel, men også dei urolege og spente tidene desse menneska levde under. For også på den tida var det store spenningar mellom Europa og Midtausten.

Miriam si forteljing - juleevangeliet, er eit forsøk på ei meir jordnær tilnærming til denne fasinerande historia som på ein måte pregar heile vår kultur, og kanskje er det viktigare enn nokon gong å lytte til ei stemme frå historia, noko juleevangeliet nettopp er.

Ver venleg og gje tilbakemelding innan fredag 17. november.