Fysikarane_1249px.jpg

Invitasjon til première på "Fysikarane" 

Sogn og Fjordane Teater inviterer til première på
"Fysikarane" av Friedrich Dürrenmatt,
fredag 2.  februar kl 18:00 i Teatersalen, Førdehuset. 

 

Tenk deg ei oppfinning som kan utslette alt livet på jorda, og tenk deg så at denne oppfinninga hamnar i hendene på den galnaste av dei alle. Heilt fjernt frå dagens røyndom er det kanskje ikkje...? 

Fysikarane av Friedrich Dürrenmatt er ein svart komedie, skriven i 1962 under den kalde krigen. Tre fysikarar er innestengde på lukka avdeling. Den eine trur han er Einstein, den andre trur han er Newton og den tredje er overtydd om at Kong Salomon openberrar seg for han. Nei, feil! Galskapen er berre eit skalkeskjul. Genialt, Ja! 

Den eine fysikaren vil verne verda mot si eiga oppfinning og let som om han er djupt forstyrra. Dei to andre er spionar på oppdrag for verdsmaktene. Dei òg må late som om dei er utilreknelege for å få eigarskap til ei oppfinning som vil gi uendeleg makt og verdsherredømme. På scena er det totalt kaos. Fem skodespelarar går inn og ut av 12 ulike karakterar. Dei stel replikkar frå kvarandre og skiftar kostyme framfor alle. Det som utspeler seg er det glade vanvit.   

Publikum blir utstyrt med øyreklokker som dei skal ha på under heile framsyninga. Det gjer dette stykket til ei heilt annleis teateroppleving. Ei ulande blålyslampe, knirkande dører og utilrekneleg babling - alle lydane kryp gjennom kablar og rett inn på øyret ditt og lukkar deg inne i ditt eige, private galehus. 


Det er eit avgrensa tal plassar på intimscena vår med plass til ca 50 personar og først til mølla prinsippet gjeld. Invitasjonen gjeld for 2 personar. Ver venleg og gje tilbakemelding innan fredag 26. januar.