600x400_web_billett.jpg
 
 

Sogn og Fjordane Teater ønskjer deg velkommen til première i Førdehuset laurdag 27. oktober kl 18.00.

Om ei av dei andre framsyningane på turnèen høver bedre kan det vere mogleg å nytte invitasjonen på ei av desse framsyningane. Oversikt over framsyningane finn du når du klikkar under "Eg ønskjer ei anna framsyning".

Vi har eit avgrensa tal plassar og det er førstemann til mølla som gjeld. Svarfrist 19. oktober.

Namn *
Namn
Kjem du på framsyninga i Førdehuset 27. oktober? *

EG ER I GÅR

«Eg synest at eg er mykje åleine. Men eigentleg er eg vel ikkje det. Dei seier jo at her skal det vere folk heile tida, men for meg, når eg ikkje ser folk, så er det akkurat som eg ikkje kan tru at det er nokon her. Eg er jo ein umulius på den måten, då. Og sikkert på andre måtar og.» Det seier 101 år gamle Alvhild Stafsnes.

Tolv livshistorier frå den siste krigsgenerasjonen blir til èi teaterframsyning. Manus er basert på intervju med Alvhild Stafsnes og elleve andre av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til meir enn hundre. Då dei var små budde dei på gardar som brødfødde dei. Så kom krigen, så kom kjærleiken, så kom ungar, arbeid, slit og glede. Så kom alderdomen og einsemda. Vi institusjonaliserer både barndomen og alderdomen slik at vi ikkje når kvarandre med historiene vi kunne delt. No strekkjer Sogn og Fjordane Teater ut handa til alle generasjonane som kjem etter desse tolv.

Arbeidsmetoden er ikkje ny for Sogn og Fjordane Teater. Fleire framsyningar har vore laga på bakgrunn av intervju med verkelege personar. Men der intervjupersonane tidlegare har vore anonyme, står den eldre garden no fram med fullt namn. Dei kjem frå alle delar av Sogn og Fjordane, og representerer eit snitt av dei godt vaksne innbyggarane i fylket. Dei bidreg òg med autentisk fotomateriale frå livet dei har levd.

Menneske i svart-kvitt. Det er slik vi ser dei for oss, dei som har levd ei stund og ikkje lenger går så fort framover. I denne framsyninga deler dei rundhanda av erfaringane sine, slik at vi som kjem etter kan forstå kvar vi kjem frå. Denne kunnskapen kan vi i tur dele vidare. Ein vakker dag er det vi som er i går.

Les meir om framsyninga HER