Facebook

 
 

Facebook er ein viktig informasjonskanal for oss på Sogn og Fjordane Teater. Her legg vi inn bilete, filmar og informasjon om kvar vi kjem med stykka våre. 

Arrangement

Vi lagar til eit Facebook arrangement for kvar spelestad. Her er det viktig at ein i organisasjonen kan være medarrangør og invitere lokalmiljøet inn i Facebook-arrangementet. To veker før speledato begynner vi å legge inn informasjon, bilete og filmar i arrangementet, så då er det kjekt at det blir sett av publikum. 

Filmar

Alle filmar som blir produsert av Sogn og Fjordane Teater blir publisert på Facebook. Vi ønskjer at dersom de har moglegheit at de brukar krysspublisering (de må ha ei Facebook-side). Om de ikkje har moglegheit for å krysspublisere, så kan ein dele filmane frå hovudsida vår. Men krysspublisering er å føretrekke. Les meir om kvifor under. 

Krysspublisering

Krysspublisering er å føretrekke for då får vi sjå spredningen og ei oversikt over kor mange som har sett filmane vi produserer.

Er du usikker på kva krysspublisering er og korleis det verkar? Send ein e-post til Lene ved å fylle ut skjemaet under, så svarar ho på spørsmåla dine snarast mogleg. 

 
Marionn Aas Wie