Billettprisar 2018

 

Billettsalet starta 24. November 2017. Billettsalet går via www.ticketco.no og ein får billetten sendt på e-post og kan skrive denne ut eller vise den fram med sin smarttelefon. Alt sal i døra blir gjort over same systemet via internett.

Det er viktig at når ein skal selje billettar at ein har gjort seg kjent med billettsystemet og billettkategoriane i forkant av framsyninga. Vi har desse billettkategoriane for at vi skal få vite kven som kjøper billettar og kven som nyttar billettane sine, slik at vi kan jobbe enda betre med å få flest mogleg inn i salen. Det er derfor viktig at billettar som ikkje verte nytta ikkje blir sjekka inn og at ein sel riktig billett sjølv om prisane er like. 

I forkant av arrangementet er det fint om den som skal selje billettar får sjå opplæringsfilmane som er ein finn på informasjonssida om TicketCo.

Kategoriane under er tilgjengeleg for kjøp i døra. Prisane er inkl. billettavgift:

 
Vaksen: 300 kr                                                                       

Ungdom/Student: 100 kr

Honnør: 250 kr

Gruppe (min. 5): 250 kr

Teaterlauget: 230 kr

BOB: 250 kr

Scenekort kr 130,-

Alle spelestader som sel billettar over TicketCo skal starte salet i døra 1 time før spelestart.

Oppmøte for sal ved inngang er 1.5 timar før spelestart. Turnéleiar har ansvar for oppkobling av utstyret. 

 
Marionn Aas Wie