Thomas Bipin Olsen

 
2017 Invasjon_Thomas.JPG
 
 

Thomas Bipin Olsen er frå Tønsberg. Han er utdanna ved Det Norske Teateret sin eigen skodespelarskule Det Multi Norske.

Han debuterte i «Brødrene Løvehjerte» på Det Norske Teateret i 2014 og var med i «Halve kongeriket» og i «Tilnærmet lik». Bipin Olsen har også spelt i «Som du vil ha det» ved friteateret Thesbiteateret, og ved Hordaland Teater i framsyninga «Eg ringer mine brør».

I 2017 møtte vi Bipin Olsen som Arvind i framsyninga «Invasjon» på Sogn og Fjordane Teater, og i 2018 møtte vi han som Møbius i framsyninga "Fysikarane"