Annlaug Børsheim

 
 
Annlaug_Borsheim_port2.jpg
 
 

Annlaug er musikar og låtskrivar frå Ulvik i Hardanger som jobbar innanfor eit vidt spekter av musikk; frå tradisjonell slåttemusikk på hardingfele til elektriske gitarar og visete popmusikk. Ho er utdanna folkemusikar frå Høgskulen i Telemark og Ole Bull Akademiet og har reist med musikken sin i både inn og utland. 

I Frode Grytten Beat Band er ho fast medlem og har samarbeida med andre forfattarar som Per Olav Kaldestad og Ragnar Hovland. Ho har turnert med fleire ulike produksjonar for DKS og Rikskonsertane, og jobba som musikalsk konsulent og pedagog i Fargespill. 

Annlaug debuterte som soloartist i 2010 med plata «November»,og har gjeve ut fleire plater etter dette, den siste med trioen Morgonfrosken i 2016 der ho tonesatte tekstar av Per Olav Kaldestad henta frå barnediktboka “Når Morgonfrosken Syng”.

Ho har vore engasjert ved Sogn og Fjordane Teater og Transiteateret, og er musikar i konsertførestillinga SUSTAIN saman med Terje Isungset og Magnus Brandset, og komponistane Bodil Lunde Rørtvedt og Jørn Lavoll.

Hausten 2018 medverkar Annlaug som skodespelar og musikar i framsyninga "Eg er i går".