Richard Olsen

Richard er utdanna skodespelar ved den russiske teaterhøgskulen GITIS Scandinavia i Århus og har jobba ved ei rekkje teater i Norge, Danmark og Finland. 

Kvalitetane hans innafor song og dans har gjort han til ein allsidig skodespelar og musikalartist. Han har mellom anna spelt i Les Miserables, En Midtsommernatts Drøm, Miss Saigon, Kaptein Sabeltann, Wicked, Reisen til Julestjernen og Spillemann på Taket.

Det er første gong Richard er engasjert ved ei framsyning på SoFt.

Gasta Design