Rannveig Ryeng

Rannveig er ein allsidig fiolinist frå Trondheim. Ho er utdanna frå Norges Musikkhøgskole i Oslo der ho hadde Terje Moe Hansen som lærar. 

Det siste året har ho jobba frilans og mellom anna spelt i Trondheim symfoniorkester og kammerorkesteret Trondheimsolistene, i tillegg til å ha undervist på kulturskulen. Rannveig er stadig på turné med eit av mange tangoensemble som ho samarbeider med.

Ho oppdaga den argentinske tangoen tidleg i tenåra og interessa har så langt føre til fire studieopphald i Buenos Aires der ho har fått sjangeren under huda.

Gasta Design