Edvard Mjanger

Bassist Edvard Mjanger er utdanna ved jazzlinja i Bergen, og har i tillegg ein bachelor i kunsthistorie og eit år ved den rennomérte jazzlinja på Sund Folkehøgskule bak seg.

Han har turnert i Japan, og speler i ei rekkje band frå pop indie til jazz, mellom anna med Martin Halla, Marte Eberson (HighasaKite) og Thea Lindtner Næss. Som frilansmusikar har han spelt med alt frå Nordic Tenors til Vinni (Paperboys).

Han deltek for tida i Transiteateret sitt prosjekt Bergensposisjonar (Festspillene i Bergen 2015) og skal same vår ut på turné med trioen/produksjonen Tidsmaskina, som er ein improvisasjonskonsert for born.

 

Gasta Design