Annlaug Børsheim

Annlaug kjem frå Ulvik i Hardanger. Ho er utdanna folkemusikar frå Høgskulen i Telemark og ved Ole Bull Akademiet på Voss. Annlaug syng og spelar fele, hardingfele og gitar. I tillegg skriv ho tekst på norsk og komponerer eigen musikk.

Ho er aktiv som frilansmusikar i mange samanhengar og har mellom anna samarbeida med Gabriel Fliflet, Olav Tveitane og ei rekke skotske folkemusikarar.

Ho har også samarbeida med ulike forfattarar som Per Olav Kaldestad, Ragnar Hovland, Frode Grytten og Pedro Carmona-Alvarez. Annalug debuterte i 2010 som soloartist med CD-en November.

Hausten 2012 spelte ho inn og gav ut plata Toras Dans - Populærmusikk frå Hardanger saman med Rannveig Djønne i duoen Djønne&Børsheim.

Gasta Design