Teaterlauget
Teaterlauget er ei fordelsordning for lag og bedrifter som gir tilsette gode rabattar på alle ordinære framsyningar i Sogn og Fjordane. Alle tilsette som ønskjer det får eige medlemsbevis.
Kven kan bli medlem i Teaterlauget?
Alle bedrifter og lag/organisasjonar i Sogn og Fjordane kan bli medlem ved å kontakte Sogn og Fjordane Teater. Ta kontakt via kontaktskjema eller på telefon til sentralbord.
Fordelar:
- Gratis medlemsbevis
- Rabatterte billettar på alle framsyningar i regi av Sogn og Fjordane Teater
- Kjøp av inntil 2 rabatterte billettar per person på kvar framsyning
- Spesialpris for gruppebestilling (5 personar eller fleire)
- Tidleg informasjon om framsyningar og arrangement i regi av Sogn og Fjordane Teater
- Invitasjon til lansering av nytt årsprogram (haust)
- Tilbod om arbeidsvisningar/ prøveframsyningar ved høve
Vilkår:
- Det må vere ein kontaktperson i bedrifta
- Kontaktpersonen må distribuere informasjon/tilbod frå Sogn og Fjordane Teater til tilsette/medlemar
- Bedrift og kontaktperson står oppført på Sogn og Fjordane Teater si webside med på oversikta over medlemsbedrifter i Teaterlauget (pdf)
- Kontaktpersonen ordnar gruppebestillingar for medlemmane i bedrifta/lag/organisasjonen
- Kontaktperson oppdaterer kontaktinformasjon om bedrifta/lag/organisasjonen på teateret si heimeside (logg inn)