Vil du kjøpe ei eiga framsyning?

 
 

I periodar har Sogn og Fjordane Teater høve til å selje framsyningar til lag, organisasjonar og bedifter. Skodespelarane tek då med seg framsyninga og kjem på besøk til den staden som har tinga framsyning.

Ta kontakt med teateret på marknad@softeater.no, eller på telefon 909 90 600 om det er interesse for dette.

Desse framsyningane er tilgjengelege for sal :

Vinje, vår mann
med Kyrre Eikås Ottersen
Speleperiode: 3. mai - 7. juni og 12. august - 14. september
Framsyningslengd: ca 35 min

Denne framsyninga høver for bibliotek, pensjonistlag, sjukeheimar, bedrifter

Publikum vil mellom anna få høyre dikta «Der du gjekk fyre» og «Ved Rondane», i tillegg til utdrag frå den aller første boka på nynorsk, nemleg «Ferdaminni frå sumaren 1860». Boka inneheld reiseskildringar frå gå-turen mellom Christiania og Trondheim. Vinje var glad i menneske og i boka skildrar han desse møta på poetisk vis. Dette er ein biografisk halvtime om Vinje, i visestil.

Eventyrforteljing
med Reidun Melvær Berge
Speleperiode: 21. aug - 13. sept.
Framsyningslengd: ca 30 min

Denne framsyninga høver for barnehagar (3-6 år), bibliotek, SFO

Geitejazz
med Idun Losnegård og Jakob Wyrtz, i samarbeid med Førde kulturskule
Speleperiode: på førespurnad
Framsyningslengd: ca 35 min

Denne framsyninga høver for barn og unge, men kan også spelast for vaksne i ein mer “jazza” versjon.

Distriktsmusikar Jacob Wyrtz og skodespelar Idun Losnegård invitere dei minste til å vere med på å lage ein jassa versjon av eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane».  Dei bygger opp forteljinga med improviserte jazzrytmer og musikalske kollbøtter, men er heilt avhengige av hjelp frå dei minste til å skape den riktige grooven: lyden av det bankande hjartet til killingen som gøymer seg i klokkeskåpet, uvêret som bryt laust når ulven plutseleg står midt på stovegolvet.

*med atterhald om endringar