Vinje, vår mann

 
2018_Vinje_Palaktfoto_org_Foto_Ulf_R.Amundsen.jpg
 

Speleplan:

23.08.2018 Borgja, Ålhus
25.08.2018 Edland samfunnhus, Vinje
26.08.2018 Husnes Kulturhus, Kvinnherad
09.09.2018 Kunsthuset Kabuso, Øystese
10.09.2018 Litteraturhuset i Bergen
11.09. 2018 Høgskulebygget, Sogndal
12.09.2018 Villa Åmot, Sande i Sunnfjord

- Eg var ingen Vinje-kjennar før premieren under kulturnatta i Førde i juni. Kvaliteten i tekst og framføring er så god at vår mann vart raskt til min.
— (Arve Sandal, i avisa Firda).

Les heile teatermeldinga HER:
Tre menn om vår mann

 

Vinje, vår mann

6 april 2018 var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Sogn og Fjordane teater og Rom for ord feirar målmannen, diktaren og folkeopplysaren  med ein ny litterær konsert og teater-produksjon:  ”Vinje, vår mann”.

I denne litterære framsyninga fortel forfattar Lars Amund Vaage om korleis Aasmund Vinje har kome til å bety så mykje for han, og reflekterer over alt han har å seie til oss i vår tid, framleis. Vaage akkompagnerer tenor Aasmund Kaldestad i nokre av Grieg/Vinje-songane på piano. Skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen frå Sogn og Fjordane teater les tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.

”Vinje, vår mann”  hadde premiere under kulturnatt i Sunnfjord, fredag 1. Juni i Haarklousalen i Førde. Deretter hadde framsyninga turnepremiere på Boknatta i Fjærland laurdag 2. Juni.

 

 

Manus: Lars Amund Vaage
Regi: Bodil Kvamme, Sogn og Fjordane Teater
Ide og prosjektutvikling: Janne Karin Støylen, Rom for ord.

Framsyninga vert produsert av Sogn og Fjordane Teater med støtte frå stiftinga Fritt ord og Norsk kulturråd.

 

 
 

Medverkande

 

Fotogalleri

Foto: Ulf R. Amundsen