Do not feed the trolls

Trolls8-kopi-570x380.jpg

Gjestespel frå The Krumple Theater Company

 

“Do Not Feed the Trolls” er ei ny teaterframsyning som tek føre seg råskapen, sadismen og den håplause idiotien hos moderne internettroll. Inspirert av dagsaktuelle og verkelege hendingar tek The Krumple tak i trollinga som skjer på nett og gir publikum den same kjensla av ubehag og sadistisk glede. 

I teaterstykket, forkledd som ein enkel bokturne, tek the Krumple publikum med på ei marerittaktig reise inn i ei verd av internetttrolling. Inspirert av sanne historier om trakassering på nettet, nordiske troll, og med kompaniet sin heilt spesielle type galskap. 

Do Not Feed the Trolls fortel historia om Lisa Holloway, ei alminneleg jente som vågar seg ut på internett. Isolert og lei oppdagar den 14 år gamle Lisa ein merkeleg boks som tek ho inn i den digitale røyndomen av sosiale media. Ho vert raskt ein tilfeldig kjendis i denne verda, men samstundes blir ho gradvis terrorisert av ein hærskare av idiotiske, parykk-kledde troll. Trolla verkar fast bestemt på å øydelegge sjølvtilliten hennar, ryktet hennar og truar heile Lisa sin eksistens ...

The Krumple ønskjer å fokusere på korleis kommunikasjonen mellom menneske vert endra drastisk når ein har ei anonym maske å gøyme seg bak. Kven er desse trolla og kva er det som driv dei? Ved å balansere mellom det humoristiske og det ubehagelige vert publikum konfrontert med spørsmålet: er eg sjølv ein del av dette fenomenet?

Utan å vere moraliserande vil kompaniet sette publikum inn i rolla både som offer og som troll. Framsyninga egnar seg for ungdom i alderen 15-18, men er også særs aktuell for vaksne og spesielt for foreldre til tenåringar.

 

 
 

Tekst, regi og medverkande:
Jon Levin
Oda K. Nyfløtt
Vincent Vernerie
Jo Even Bjørke