Jostedalsrypa

 
Jostedalsrypa_1249x426 web breidde utan tittel.jpg
 
 

– EIN POPMUSIKAL  
 

I Sogn og Fjordane er vi godt kjende med segna om Jostedalsrypa. Jenta overlever Svartedauden som tar livet av meir enn annankvar nordmann midt på 1300-talet. Heilt åleine må ho klare seg seg gjennom vinteren, og innan ho blir funnen neste vår, er ho blitt skjerr som eit vilt dyr. Korleis overlever ho? Og kvar tar ho motet ifrå?  

Familiemusikalen Jostedalsrypa er inspirert av segna, men tar oss med vidare inn i ei eventyrleg og magisk musikalsk verd. Den heltemodige jenta Rypa ber forteljinga på dei spinkle skuldrene sine, og det heile er pakka inn i melodiøse poplåtar som publikum garantert kjem til å nynne på når det går ut døra. Bak står to av dei ypparste samtidskunstnarane vi har: dramatikar Maria Tryti Vennerød og komponist Julian Skar. Torkil Sandsund har regien og set sin umiskjennelege signatur på framsyninga.  

Jostedalsrypa er Norges svar på Jungelboka. Musikalen handlar om korleis ei jente finn motet og kreftene til å overleve utan andre menneske gjennom ein lang og kald vinter. I den mørkaste timen, når ho trur at ho er heilt åleine, viser det seg at ho har vener som ho ikkje visste om.  


DRAMATIKAR Maria Tryti Vennerød 
KOMPONIST Julian Skar 
REGISSØR Torkil Sandsund  
KOSTYMEDESIGNAR Dordi Strøm 
SCENOGRAF Tormod Lindgren
LYSDESIGNAR Krystian Myska 


Medverkande

Plakatfoto: David Zadig