Lansering av 2020 repertoar

 
Lansering av teateråret 2020_vertikal.png

Tradisjonen tru inviterer teateret til lansering av neste års repertoar. Dette vert det siste reperetoaret som teatersjef Bodil Kvamme presenterer

Dato: 20. november
Stad: Teatersalen, Førdehuset
Fri entré

Ta turen innom Teatersalen denne dagen og få med deg alt det spennande som teateret skal jobbe med i 2020. Vi håpar å kunne by på nokre smakebitar frå komande framsyningar, og at vi får møte både regissørar og skodespelarar som skal vere med oss i 2020.

Billettane til alle framsyningane kjem for sal denne dagen, så her er det også høve til å sikre seg nokre gode opplevingar i julegåve!

Vi serverer gløgg, kaffi og 7 sortar julekaker!

Velkommen skal de vere!