Kulturkafé: Kva skjer når skadde barn blir skadde vaksne?

 
20190107_AltDetLyse_0595.jpg

Kva skjer når skadde barn blir skadde vaksne?

I samband med siste framsyningane av "Alt det lyse og alt det mørke" inviterer Sogn og Fjordane Teateret, i samarbeid med Rom for ord, til kulturkafé i Utstillingssalen i Førdehuset.

«Eg er ikkje mor. Eg er berre ho som sit i vindauget og ventar på far.» Vibeke veks opp med ein far som slit, og rusar seg. Ein dag blir han heilt borte for henne. Ho må bu hos tanta si ved havet. Så blir ho sjølv mor - og sjølv også borte for barnet sitt.

Kva skjer når skadde barn blir skadde vaksne?

Forfattar Brynjulf Jung Tjønn og psykologspesialist Camilla Voss kjem for å snakke saman om dette. Samtalen blir leia av Katrine Sele.

Det er fritt tilgjenge på kulturkafeen.