Ivar Medaas - Dar kjem dampen

"Sterkt gjenhøyr med Ivaren" Strilen
"Vel verdt billetten", "...musikalske arrangement av høg kvalitet" Firdaposten

Her kan du lese heile meldinga i Firdaposten.

I kabareten Dar kjem dampen følgjer vi den folkekjære visesongaren Ivar Medaas si reise frå fjøs til scene. Dette er ingen biografisk framstilling av Medaas, men heller ei reise i miljøet han kom i frå. Vi får eit gjenhøyr med kjende og kjære viser og blir tekne tilbake til tida då kaia og krambua var viktige møteplassar for menneska i utkanten. Frodige karakterar og det typiske kystlynnet blir framstilt med respekt og kjærleik plassert i eit miljø og ein kultur som er i ferd med å forsvinne.

Ivar Medaas var odelsguten frå Alversund I Nordhordland som vart spelemann, visekunstnar og humorist. Gjennom samarbeidet med komponisten Geir Tveitt og diktaren Jakob Sande vart ikkje forma hans berre rekna som nyskapande, den vart sett på som legendarisk.  

Dar kjem dampen speler for fulle hus og det blir no sett opp ekstraframsyning i Førdehuset laurdag 15. mars kl 1500! 


Urpremiére torsdag 20. februar. Speleperiode
21. februar - 29. mars.

AV
Claus Sellevoll m.fl.

REGI
Arvid Ones

MEDVERKANDE
Annlaug Børsheim
Claus Sellevoll
Olav Stedje
Aage Vaksdal


2015Gasta Design