Heddadagene: INVASJON!

 
 
Hedda-logo_farger.jpg
 

Ein scenekunstfestival for heile Norge!

Heddadagene vert arrangert for andre gang sommaren 2018. Frå fredag 8. til søndag 17. juni kan publikum oppleve meir enn 40 framsyningar i Oslo. 30 scenekustinstitusjonar frå Kristiansand i sør til Kautokeino i nord har gått saman om å lage festivalen, og programmet vert plukka ut av dei kunstnariske leiarane ved institusjonane. Festivalen vert avslutta med utdeling av Heddaprisen søndag 17. juni.

18 framsyningar frå resten av landet gjestar Oslo under festivalen, og dei 8 osloteatera som er vertskap for festivalen presenterer også et mangfald av eigne framsyingar. I tillegg vil det bli en rekke arrangementer for publikum i tilknytning til forestillingene, samt et omfattende fagprogram. Sogn og Fjordane Teater gjestar Teater Manu med 2 framsyningar av Invasjon! 8.-9. juni.

Sjå heile programmet for Heddadagene HER

 

 Foto Thomas Morel

Foto Thomas Morel

Kven og kva er Abulkasem?  Kva tyder dette mystiske ordet ? For nokre vener på ungdomskulen blir det til ein magisk formel som kan møte kva utfordring som helst. Eit adjektiv som skildrar det utenkjelege. Ein identitet som kan skjule kva som helst. Snart tar det av. Abulkasem er over alt. Han vert sjølve symbolet på det uangripelege, ukjente. Han kan klandrast for kva som helst. Hvis han berre kunne fangast og blitt stilt til ansvar for det. Mytene spinn og kjerna av sanning vert meir og meir utviska.

Khemiri sin karusell av ein teatertekst set kampen mellom tillit og fordømming i sving og stiller betimelege spørsmål om fryktretorikk og framandskepsis i eit multikulturelt samfunn. Hans leikande stil, der språk og identitet er i konstant rørsle, har vakt merksemd og engasjement hos eit breitt teaterpublikum i inn- og utland. 

Regissør Frode Gjerløw vil ta fatt på Khemiri si fortelling med hovudet og hjartet som kompass. Saman med skodespelarane vil han leite etter individa som hamnar mellom barken og veden i eit svart-kvitt samfunn.Han spør; kor langt skal vi gå i den vestlege verda før vi ser bjelken i vårt eige auga? Det er tid for Invasjon!

 


Av Jonas Hassen Khemiri
Omsetjing Kristin Auestad Danielsen
Regi Frode Gjerløw
Scenograf Frode Gjerløw med bidrag
frå bebuarar på Førde mottakssenter
Kostymedesignar Frode Gjerløw
Lyddesignar Ross Flight
Lysdesignar Krystian Myska
Teaterforlaget Colombine

 

Medverkande

 

Fotogalleri

Foto Bent Are Iversen

 

Heddadagene vert presentert av

Akershus Teater, BIT Teatergarasjen, Black Box teater, Brageteatret, Carte Blanche, Den Nationale Scene, Den Norske Opera & Ballett, Det samiske nasjonalteatret Beaivváš, Det Norske Teatret, Dramatikkens Hus, Haugesund Teater, Hordaland Teater, Hålogaland Teater, Kilden Teater, Nationaltheatret, Turnèteatret i Trøndelag, Nordland Teater, Norsk Scenekunstbruk, Oslo Nye Teater, Riksteatret, Rogaland Teater, Sogn og Fjordane Teater, Teater Ibsen, Teater Manu, Teaterhuset Avant Garden, Teater Innlandet, Teatret Vårt, Trøndelag Teater, Østfold Kulturutvikling, Åarjelhsaemien Teatere

Heddadagene er initiert av Heddakomiteen og Norsk teaterlederforum.
Ansvarleg eigar av Heddadagene er Norsk teater- og orkesterforening.