Gjestespel: Gilgamesh - Kongen som nekta å døy

 
20180211_Gilgamesh_0169.jpg

Om ettermiddagen 10. mars opnar vi Eventyrrommet for dei vaksne når Rolf Losnegård inviterer til framsyninga Gilgamesh.

Dette er den intense forteljinga om han som faktisk greidde det! Den første og største av alle historier – alle historier si mor. Om ein mann så full av villskap, stryke, dristigheit og overmot at det set både Trump og Berlusconi i den djupaste skugge. Eit menneske som er overtydd om at han er halvt gud, halvt menneske. Som er fylt av den største og villaste av alle ambisjonar – å trasse døden og leve evig. For kvifor vil Gilgamesh trasse døden? Han er råka av den djupaste sorg - han har mista sin beste og einaste ven. Men korleis klarer han å trasse dødens lov? Det får du vite ved å sjå framsyninga av forteljeteateret om Gilgamesh. 

Velkomen til eit møte med verdens eldste nedskrivne historie – stadig aktuell. Og svaret på kong Gilgamesh sitt store spørsmål: korleis få eit evig liv? 

 
Gilgamesh_Risoplakat_digitalprint.jpg
 

Eposet om Gilgamesh er rekna som verdens eldste forteljing. Over 4000 år gammal, nedskriven på 11. leirtavler i byen Uruk i noverande Irak. Kong Gilgamesh er halvt gud halvt menneske med ein voldsom energi som held på å øydelegge folket sitt med endelause krigar. Som svar på folkets bøner skaper gudane han ein motstandar, Enkidu, halvt menneske halvt dyr, som gjer at kongen får noko anna å tenkje på enn berre krig, og denne vert hans beste ven. Saman gjer dei store heltedådar.

Men krigs- og kjærleiksgudinna Ishtar vert sjalu og prøver å vinne over dei. Ho greier til sist å drepe Enkidu. Gilgamesh vert frå seg av sorg og tvingar seg inn i dødens rike for å hente venen tilbake. Han går gjennom mange prøver, og får til sist vite at Livets Blomst finst på botnen av Dødens Hav. Dit ned dukkar han, og får med seg blomsten tilbake. Men før han får gjort seg nytte av Livets Blomst vil han ta eit bad for å reinse seg. Han legg blomsten frå seg på stranda, der slangen stel den og kan dermed skifte skinn og forynge seg.

Her sluttar teksten, så truleg manglar ei 12. tavle. Andre kjelder fortel at Gilgamesh dreg heim og på nytt vert konge over folket sitt. I Rolf sin dikta slutt skjer også det, men han let han i tillegg gjennomgå ei modning der han lærer å akseptere dødens lov for sin eigen del, og leve med sorga over Enkidu. Ein viktig del av denne forsoninga vert dei 12 leirtavlene med forteljinga om Gilgamesh sitt liv som er nedteikna på tavlene, og som på sett og vis gjev han det evige livet han hadde streva etter å vinne.


Rolf Losnegård er velkjend for publikum som dramatikar (Kinnaspelet osb), forfattar og regissør. No får du møte han som forteljar og skodespelar. 

Regi og scenografi er ved Jeff Pedersen og illustrasjonane er laga av Fredrik Rysjedal. Framsyninga er produsert av Aldateateret. 

Stad: Førdehuset, Eventyrrommet
Dato: 10. mars
Tid: 17.30-18.30

Foto: David Zadig