FJORDMANN

Nyheitsmelding Nrk 22. juni 2015 kl 0602:

«Over ti menneske er truleg omkomne etter ein eksplosiv brann i Sunnfjord i natt. Brannen vart påsett og ein 21 år gamal mann frå staden er mistenkt. Det er ikkje opplyst om mannen er blant dei omkomne. Politiet er sparsam med informasjon, men ser på ugjerninga som planlagd. Årsak eller motiv er ikkje kjent.»

Gjerningsmannen er Mads Trodal, hovudpersonen i Fjordmann. Han er ein stille og roleg gut som bur heime hos mor si. Ei natt gjer han så heilt uventa denne djupt rystande handlinga. Kvifor? Kva dreiv han? Kva skjedde?

Fjordmann viser gjennom intervju, monologar og scener dei hendingar og handlingar som ligg før ugjerninga, og avdekker lag for lag kva som tving ho fram. Framsyninga er eit forsøk på å forstå, ikkje å forsvare. Det er berre ved fordomsfritt å gjere oss kjende med frykta og hatet enkelte menneske har til omverda og medmenneska, at vi kan hindre at noko slikt skjer.

Karakterar og handlingsgang er lausleg basert på dei faktiske historiene til fleire massedrapsmenn i vår verdsdel. Mest alle er unge, einsame, kvite menn. Fjordmann er forteljinga om ein av dei.

Urpremière 19. november!


Urpremière i Teatersalen i Førde 19. november 2015.

Speleperiode:
20.11.2015 - 12.12.2015

AV
Stig Amdam

REGI
Stig Amdam

SCENOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN
Åse Hegrenes

LYSDESIGN
Arne Kambestad

MEDVERKANDE
Stian Isaksen, Gunhild Hjertaas, Katrine L. Mackenzie og Lars Sørbø



2015Gasta Design