Eg er i går

EG_1249px.jpg

Urpremière 27. oktober 2018

 

Alvhild og veslesøstera rotar rundt i høyet på jakt etter kattungar når fingrane plutseleg treff kaldt stål. Dei finn skytevåpena som brørne i motstandsrørsla har gøymt. Dei veit godt at dei ikkje må snakke om det, at det er farleg. Likevel snappar tyskarane det opp. Søstrene blir henta av soldatar og avhøyrde på Gestapo-skøyta som ligg til kai i Florø. To av brørne blir sende til konsentrasjonsleir, og éin må gøyme seg i fjellet. Alle tre overlever krigen. Men den eine blir aldri meir seg sjølv. 

Historia er sann, fortalt av hundreåringen Alvhild Stafsnes. Ho har alltid følt skuld for det som skjedde. Som den eldste av søstrene skulle ho ha passa betre på, meiner ho. Det er den personlege krigen i krigen. 

Denne og mange fleire historier frå 1930 og fram til i dag er iscenesette i Eg er i går. Stykket er resultat av eit stort arbeid ved Sogn og Fjordane Teater. Manus er basert på intervju med eit knippe av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til 100 år. Dei er den siste krigsgenerasjonen. Åra under tysk okkupasjon pregar livet deira, men det er langt ifrå det einaste dei har på lager. Dei fortel om forelsking, lyden av barneføter, det første fjernsynet. Dei bygde vegar som batt grendene i lag, dei bygde landet. 

Arbeidsmetoden er ikkje ny for Sogn og Fjordane Teater. Både Burn baby, burn og Saman skal vi leve blei laga på bakgrunn av intervju med verkelege personar. Men der høvesvis småby-rånarane og ungdomsmiljøet rundt avlidne Arve Beheim Karlsen var anonyme, står den eldre garden fram med fullt namn. Dei kjem frå alle delar av Sogn og Fjordane, og representerer eit snitt av dei godt vaksne innbyggarane i fylket. Dei bidreg òg med autentisk fotomateriale frå livet dei har levd. 

Menneske i svart-kvitt. Det er slik vi ser dei for oss, dei som har levd ei stund og ikkje lenger går så fort framover. I denne framsyninga deler dei rundhanda av røynslene sine, og det er ei gåvepakke til oss som kjem etter. Vi får kunnskapen vi treng for å forstå kvar vi kjem frå, og denne kunnskapen kan vi i tur dele vidare. Ein vakker dag er det vi som er i går. 

 

AV Bodil Kvamme
REGI OG VISUELT UTTRYKK Bodil Kvamme
RESEARCH Janne Karin Støylen
KOREOGRAF Hilde Sol Erdal

LYSDESIGN Krystian Myska
 


Medverkande


Fotogalleri