Det gule tapetet

 
 
Jeff Pedersen Productions presenterer "Det gule tapetet" i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater.

Jeff Pedersen Productions presenterer "Det gule tapetet" i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater.

 
 

 

Velkommen til ei uforgløymeleg teateroppleving på Harastølen i Luster!

Det gule tapetet fortel historia om ei kvinne som lir av ein alvorleg fødselsdepresjon. Av omsyn til den mentale tilstanden hennar, tek mannen henne med til eit herskapshus langt vekke frå byen for å kvile. Hennar forsøk på å uttrykkje kjensler blir av mannen sett på som irrelevante, og ho blir difor halden isolert på eit rom utan noko anna enn tankane sine, ei seng og fire vegger med eit underleg tapet.

I løpet av opphaldet hennar i rommet, blir kvinna meir og meir besett av det underlege tapetet. Mønsteret er forvirrande, og i mangel på andre ting å tenkje på enn sine eigne kjensler, prøver ho å forstå kven dei er, dei menneska som har hengt opp dette rare tapetet.

Etter som tida går blir kvinna sin besettelse sterkare og sterkare. Ho tek til å sjå ei anna kvinne bak tapetet, og no legg ho bort tanken på å rømme frå rommet. No er rommet blitt hennar einaste heim, og tanken på å løyse mysteriet omkring det som skjuler seg bak tapetet blir hennar einaste ønskje...

 

Av Charlotte Perkins Gilman
Adaptert av Rolf Losnegård og Jeff Pedersen
Regi av Jeff Pedersen
Produsert av Thea Wiig
Musikk av Selma Frida Stang
Musikkproduksjon av Odd Martin Skålnes
Scenogafi av Tormod Lindgren
Koreografi av Sulekha Omar og Gareth Taylor
Medverkande Kjersti Elvik, Sulekha Omar, Marte Paulsen og Berit Einemo Frøysland