ALT DET LYSE OG ALT DET MØRKE

Sogn og Fjordane Teater / Teater Vestland - “Alt det lyse og alt det mørke” av Brynjulf Jung Tjønn

 Foto David Zadig

 

URPREMIÈRE

«Alt det lyse og alt det mørke» er ei sterk forteljing om korleis omsorgssvikt kan gå i arv frå slektsledd til sleksledd, utan at nokon grip inn, trass i at alle veit. Det spesielle er at den blir fortald frå barnet sitt perspektiv.  

Vesle Vibeke støttar handa til faren for at han skal få i seg morgonkaffien og kanskje kome seg på jobb i tømmerskogen. Sjølv er ho glad viss ho berre får vere med. Hand i hand med faren, under dei dansande snøfillene, gløymer ho både kulde og svolt. Men uansett kor hardt ho tviheld på desse lysglimta, forsvinn faren i skuggane.  

Kva så når ho sjølv blir mor i ung alder? Vil ho klare å gi dottera Hildegunn ein lysare oppvekst?  

Bak stykket står eit kraftlag frå Vestlandet. Det er andre gong Miriam Prestøy Lie set i scene ein roman av Brynjulf Jung Tjønn. I 2016 laga ho teater av brageprisvinnande «Så vakker du er» med Thea Hjelmeland på scena, som vart ei kritikarrosa framsyning. Arbeidet blir no vidareført med bergensmusikar Selma Stang som miksar elektronisk, pop, folketonar og salmar, og framfører musikken live. Det heile er pakka inn i scenograf Dordi Strøm sitt visuelle, leikande og vakre univers. 

 

PRESSEOMTALE

20190107_AltDetLyse_1269.jpg

Teatermelding på scenekunst.no

20190107_AltDetLyse_0595.jpg

Teatermelding Norsk Shakespearetidsskrift

 

FOTOGALLERI “ALT DET LYSE OG ALT DET MØRKE”

Foto: David Zadig

 

KUNSTNARLEG LAG

AV Brynjulf Jung Tjønn 
DRAMATISERING OG REGI Miriam Prestøy Lie 
KOSTYMEDESIGNAR OG SCENOGRAF Dordi Strøm 
MUSIKAR Selma Stang 
LYSDESIGNAR Krystian Myska 

MEDVERKANDE

 
 

ALT DET LYSE OG ALT DET MØRKE

AV BRYNJULF JUNG TJØNN