Maria Magdalena - Jesu virke

Sogn og Fjordane Teater / Teater Vestland - “Maria Magdalena - Jesu virke”. Orginaltittel: “Maria Magdalena, horen” av Håvard Rem

Foto: Oddleiv Apneseth

 

I to år på rad har Sogn og Fjordane Teater vist «Miriam si forteljing – Juleevangeliet» i kyrkjer rundt omkring i fylket. No kjem «Maria Magdalena – Jesu virke», nummer to i trilogien om Jesus. Håvard Rem står bak teksten, Marit Østbye har regien og vi får følgje den einslege stemma til Reidun Melvær Berge i denne monologen.

Vi veit alle kva som skjer i evangeliet, men sjeldan får vi høyre det på denne måten. Historia om Jesus blir fortalt gjennom kvinnene rundt han. I «Jesu virke» er ordet gitt til Maria, ho som hadde tilnamnet Magdalena og «som sju vonde ånder hadde fart ut av». Ho fortel at Jesus redda henne frå galskap og prostitusjon, og at ho hadde eit nært forhold til han. Ho var kollega, ven og kvinne. 

Det er natta før palmesøndag, og natta før Jesus og følget hans togar inn i Jerusalem. Maria Magdalena fortel om sitt første møte med Jesus, om hans virke frå han vart døypt av døyparen Johannes og om påskeveka.

Gjennom Maria kjem vi nærare Jesus, men òg nærare eit historisk faktum som ofte hamnar i skuggen. I følget til Jesus var det fleire kvinner, mange av dei redda frå vonde ånder og sjukdom. Dei hadde ein plass i lyssirkelen rundt leirbålet saman med disiplane, og dei risikerte livet ved å reise rundt og misjonere.  

Forfattar Håvard Rem ønskjer at publikum skal sjå på historia med dagens auge: 
«Det vi i dag forstår som traume og psykiatri, blei den gongen sett på som vonde ånder. For meg som vaks opp i pinsemisjonen, er ikkje det så fjernt. På 60- og 70-talet dreiv dei framleis på med demonutdriving, og av ein eller annan grunn var det ofte kvinnene som var gjenstand for utdrivinga.» 

 

FOTOGALLERI MARIA MAGDALENA - JESU VIRKE

Foto: Espen Nyttingnes/ Rakkar AS

 

KUNSTNARLEG LAG

MARIA MAGDALENA - JESU VIRKE
AV Håvard Rem
OMSETJING Asbjørg Lotsberg
REGI Marit Østbye
KOSTYMEDESIGN Else Lund
LYSDESIGN Krystian Myska

MEDVERKANDE

 
 

MARIA, JESU VIRKE

MESSIAS | Tre monologar av Håvard Rem | del 2: Maria Magdalena, horen