Lab prosjekt 2017

 

Sogn og Fjordane Teater ønskjer også i 2017 å gje nye krefter høve til å forske i prosjekt som enno ikkje har hatt première på scena.

I eit laboratorium blir det forska. I dei vekebaserte Labprosjekta våre skal det forskast i sceniske tekstar og uttrykk. Vi inviterer til workshop for dramatikarar, instruktørar og skodespelarar. I 2017 inviterte vi Miriam Prestøy Lie som er dramatikar og regissør. Prestøy Lie er godt kjent både på teateret og blant publikum i Sogn og Fjordane. Publikum vert invitert inn for å sjå og lytte til det vi skal arbeide med i lab-prosjektet, og ikkje minst for å kome med innspel til ”forskninga” vår.

 
Regissør Miriam Prestøy Lie saman med skodespelarane Idun Losnegård, Reidun Melvær Berge og Kyrre Eikås Ottersen.

Regissør Miriam Prestøy Lie saman med skodespelarane Idun Losnegård, Reidun Melvær Berge og Kyrre Eikås Ottersen.

 

Belle Gunness
- Eit mobilt drama om kjærleik, giftmord og vaflar. 

Tidleg om morgonen den 27. April 1908, brann ein storgard i LaPorte, Indiana, ned til grunnen. I oska etter brannen låg levningane til ei vaksen kvinne og tre små born. Lika blei raskt identifisert som norskfødde Belle Gunness og borna hennar. Det heile såg tilsynelatande ut som ei ganske alminneleg tragedie, inntil ein nordmann på jakt etter bror sin byrja å grave i jorda… Historia om den norske utvandrarkvinna Belle Gunness, som blei kjent som ein av tidenes verste seriemordarar, er både godt dokumentert og gåtefull. Meir enn hundre år etter at historia sjokkerte ei heil verd, står framleis mange spørsmål utan svar.

Gjennom lab-prosjektet inviterer Sogn og Fjordane Teater publikum til å være med å ta del i denne spesielle krimgåta, gjennom ein intim teateroppleving. Undervegs vert det servering av kaffi og vaflar.

Om Lab-prosjektet "Belle Gunness" seier regissør Miriam Prestøy Lie:

"Eg har jobba fram denne framsyninga gjennom fleire etappar. Under LAB-prosjektet har eg fått mulegheita til å forske vidare i denne intime sjangeren. Eg trur vi kan seie at det vi har gjort i LAB-prosjektet Belle Gunnes er ein ny sjanger, ein sjanger eg vil forske vidare i. Det er så godt å jobbe så enkelt! Nokre fyrstikker, litt jord, eit krit, lommelykt, nokre gamle bilder - og sjølvsagt ei spesielt god forteljing - er alt som skal til for å skape levande teater."
 
 

Forteljarteater - workshop

Det er stor forteljekunst skodespelarane på Sogn og Fjordane teater har lært seg å meistre gjennom arbeidet med folkeeventyra.

Vi treng eventyra som støtte til våre eigne livsforteljingar og for å delta i den store felles forteljinga kulturarven vår er. Slike opplevingar gjev borna eit grunnlag for å utvikle identitet og kulturell tilknyting.

Eventyr frå Asbjørnsen og Moe som dette året har kome til liv på teateret er: Askeladden, Tommeliten, Nordavinden og Dei tre mostrene.

Instruktør Dominic Kelley saman med skodespelarane på forteljar-workshop: Idun Losnegård, Odal Alisøy, Reidun Melvær Berge og Kyrre Eikås Ottersen.

Instruktør Dominic Kelley saman med skodespelarane på forteljar-workshop: Idun Losnegård, Odal Alisøy, Reidun Melvær Berge og Kyrre Eikås Ottersen.