INVASJON!

Invasjon_0031_2500px-1.jpg

Foto: Thomas Morel

 
 

Kven og kva er Abulkasem?  Kva tyder dette mystiske ordet ? For nokre vener på ungdomskulen blir det til ein magisk formel som kan møte kva utfordring som helst. Eit adjektiv som skildrar det utenkjelege. Ein identitet som kan skjule kva som helst. Snart tar det av. Abulkasem er over alt. Han vert sjølve symbolet på det uangripelege, ukjente. Han kan klandrast for kva som helst. Hvis han berre kunne fangast og blitt stilt til ansvar for det. Mytene spinn og kjerna av sanning vert meir og meir utviska.

Khemiri sin karusell av ein teatertekst set kampen mellom tillit og fordømming i sving og stiller betimelege spørsmål om fryktretorikk og framandskepsis i eit multikulturelt samfunn. Hans leikande stil, der språk og identitet er i konstant rørsle, har vakt merksemd og engasjement hos eit breitt teaterpublikum i inn- og utland. 

Regissør Frode Gjerløw vil ta fatt på Khemiri si fortelling med hovudet og hjartet som kompass. Saman med skodespelarane vil han leite etter individa som hamnar mellom barken og veden i eit svart-kvitt samfunn.Han spør; kor langt skal vi gå i den vestlege verda før vi ser bjelken i vårt eige auga? Det er tid for Invasjon!


"Det er leikent, dette er fysisk teater, med heftig dans og raske kostymeskift, dei fem skodespelarane har eit imponerande tempo inn og ut av roller, inn og ut av kostyme. Slik er også det multietniske samfunnet. Rollene er utfordrande, men det er tydeleg at alle skodespelarane elskar det dei gjer, dei leikar og dei gnistrar." ...

"Det er scener ein kjenner seg att i, pinlege augneblinkar, komiske situasjonar, vonde små historier. Det er latter som vert sitjande fast i halsen og tårer som ingen veit heilt kor kjem i frå. Er det medkjensle for dei som aldri vert norske nok, eller utanlandske nok? Eller er det skamtårer over eigne avkledde fordommar?" - scenekunst.no

"...«Invasjon!» eit perfekt tima teaterstykke på tampen av ein valkamp der språkbruk, framandfrykt og media si rolle var repeterande tema. Teaterstykket fekk meg til å tenke, både undervegs og etter at sceneteppet var gått ned." - Firda

“Et navn til besvær” - Dagsavisen (+)

“Lekent om fremmedfrykt” - Morgenbladet (+)

“En kreativ og sprudlende bombe av en forestilling der du blir grepet av teaterets magi fra første stund” - Teaterungdom.no

 

Kven og kva er Abulkasem? 

Abulkasem er over alt. 

Eg er ABULKASEM...

 

Artikkel

I Rom for ord - Magasinet kan du lese meir om språket som både tema, bodskap og motiv i stykket.

Artikkel: I SVART KVITT OG HUDFARGAR Rom for ord, v/Janne Karin Støylen

Artikkel: I SVART KVITT OG HUDFARGAR
Rom for ord, v/Janne Karin Støylen

 
 

FOTOGALLERI INVASJON!

 
 

KUNSTNARLEG LAG

INVASJON ( Invasion!)
Av Jonas Hassen Khemiri
Omsetjing Kristin Auestad Danielsen
Regi Frode Gjerløw
Scenograf Frode Gjerløw med bidrag
frå bebuarar på Førde mottakssenter
Kostymedesignar Frode Gjerløw
Videodesignar Ross Flight
Lysdesignar Krystian Myska
Teaterforlaget Colombine

 

Turné i samarbeid med Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane på ungdomsskular i fylket.

 

MEDVERKANDE

 
 
 

INVASJON!

AV JONAS HASSEN KHEMIRI

Originaltittel: Invasion!