Eventyrrommet 2019

 
 

Kom alle saman,
bli med til eventyrland!

Mange undersøkingar peikar på at eventyret har viktige funksjonar i barnet si utvikling og læring: Ordforrådet skil seg frå daglegtalen, ein møter nye ord ein spanande samanheng. Dei faste strukturane i eventyret vil barnet kjenne igjen, lære seg og ta i bruk i sine eigne forteljingar. Eventyret er også ei øving i å følgje ein tekst av ei viss lengde og skape bilder og meining ut frå språket. Psykologen Bruno Bettelheim (1903-1990) hevda at barn si evne til empati vert utvikla gjennom å identifisere seg med eventyrheltene, fordi slike møter dannar mønster for innleving og mot.

I perioden 25.02 - 16.03 syner vi “Gullhår og dei tre bjørnane”, med Reidun Melvær Berge og Kyrre Eikås Ottersen, på Eventyrrommet.