Eventyrrommet 2017

 
 

Kom alle saman,
bli med til eventyrland!

Alle treng å møte Askeladden. Som er minst, kjem sist og er litt utanfor. Men som er modig, oppfinnsom og snill! Og veldig morosam. Alle treng å møte han.
 

Ungane i teatersalen sit med føtene oppe i stolen og gøymer hovuda bak knea. Trollet kjempar ein håplaus kamp mot all grauten, men det er eit digert, rasande troll! Korleis skal det gå med Askeladden nede i trollhola?
På scena sit Idun Losnegård på ein pinnestol. Det er alt vi ser. Men i fantasien ser vi alt:  Gullet og sølvet, den store gryta med graut, sekken med hol i - og kniven! No tek trollet tak i kniven og skjær eit digert hol i magen så grauten tyt ut over golvet. Ungane ler letta og kikar opp bak knea sine.  Heldigvis! Der ligg trollet stein daudt på golvet. Askeladden får med seg heile skatten heim.
 

Mange undersøkingar peikar på at eventyret har viktige funksjonar i barnet si utvikling og læring: Ordforrådet skil seg frå daglegtalen, ein møter nye ord ein spanande samanheng. Dei faste strukturane i eventyret vil barnet kjenne igjen, lære seg og ta i bruk i sine eigne forteljingar. Eventyret er også ei øving i å følgje ein tekst av ei viss lengde og skape bilder og meining ut frå språket. Psykologen Bruno Bettelheim (1903-1990) hevda at barn si evne til empati vert utvikla gjennom å identifisere seg med eventyrheltene, fordi slike møter dannar mønster for innleving og mot.
 

Visst er det skummelt! Grøss og gru, så skremde vi blir. Men i trygge rammer og i eit frydefullt fellesskap med dei andre ungane, i forvissing om at det ikkje er på ekte. Det er berre eventyr.
 

Men det er stor forteljekunst skodespelarane på Sogn og Fjordane teater har lært seg å meistre gjennom arbeidet med folkeeventyra. Vi treng eventyra som støtte til våre eigne livsforteljingar og for å delta i den store felles forteljinga kulturarven vår er. Slike opplevingar gjev borna eit grunnlag for å utvikle identitet og kulturell tilknyting.
 

Og så er det frykteleg moro! Og det endar godt. Så lærer vi oss å tru og håpe at det vil vere slik for oss også, i det verkelege eventyret. Livet vårt som ventar. 

 

 

Våren 2017 på Eventyrrommet: 
"Havmannens son" 26.-29. mai
Grøss 20. januar - 18. februar
"Hans og Grete" 10.-14. januar

Hausten 2017 på Eventyrrommet:
"Dei tre mostrene" og "Askeladden" - 15.-26. august
"Tommeliten" 2.-7. oktober
"Nordavinden" 17. oktober - 4. november
Juleeventyr - 27.november - 16. desember