På lokalet

Annonsefoto På lokalet FB.jpg

Urpremière 2. september 2016

 

Ungdomshuset, Folkets hus, Grendahuset, Lokalet, kjært barn har mange namn. Alle som vaks opp i distrikts Norge i etterkrigstida har på ein eller annan måte eit forhold til dette lokalet. Her vart det arrangert dansefestar, folkemøte, basar, trimparti og danseskular. Lokalet vart flittig brukt av folk frå alle samfunnslag. I sentrum stod gjerne det gode, norske uttrykket dugnad. Gjennom felles innsats vart det skapt minne for livet.

Samhald, gryande kjærleik, avvising, den elleville fylla, den første klossete dansen, eller det famlande tungekysset bak hushjørnet – alle har vi ulike bilete med oss frå lokalet i bygda vår. Nokre beherska denne sosiale arenaen til fulle, medan lokalet baud på større utfordringar for andre. Med kjensler og livsskjebne på utstilling framfor alle vart huset åstad for skjellsettande opplevingar i mange sine liv.

Utafor lokalet gjekk verda vidare og samfunnsutviklinga sin skeive gang. Vår nære fortid, landet og verda gjekk gjennom store endringar, medan dansen gjekk på lokalet. Samværet og dansen forandra seg også, verda vart aldri den same igjen.

"På lokalet" er ein hyllest til huset vi møttest i. Viss veggane kunne snakke, seier vi ofte, men her skal vi la dansen fortelje historia. Huset såg folk kome og gå, danse, sladre, forelske seg, skiljast, bli gamle. Livets dans vart dansa på lokalet.

Velkomen til fest på lokalet!

 

 


"For eit overskot, for eit trykk! Og slik ei gesjeftige og natige vaskekjerring!" - Fjordingen
 
 

AV Arne Fagerholt
Etter idé av Bodil Kvamme
KOREOGRAFI/ REGI Arne Fagerholt
KOSTYMEDESIGN/SCENOGRAFIDordi Strøm
MASKE/SMINKE Live Brendmo Søreide
MUSIKALSK TILRETTELEGGING Arne Fagerholt og Harald Dahlstrøm
DRAMATURG Solrun Toft Iversen
LYSDESIGN Krystian Myska

 

 

Medverkande

 

 

Fotogalleri