Miriam si forteljing - juleevangeliet

2017 Miriam si forteljing (breidde )2.jpg

Omtale

Å levandegjere ei historie som kanskje ikkje er levande for oss lenger. Dette var eitt av forfattar Håvard Rem sine ønskje, då han bestemte seg for å gjenfortelje sjølvaste juleevangeliet med ei heilt ny stemme som utgangspunkt.

I Håvard Rem sin tekst er det Miriam, søstera til Josef og ei kvinne av folket, som fører ordet. Gjennom henne kjem ein ikkje berre tett innpå menneska og omstenda rundt Jesu fødsel, men også dei urolege og spente tidene desse menneska levde under. For også på den tida var det store spenningar mellom Europa og Midtausten.

Miriam si forteljing - juleevangeliet, er eit forsøk på ei meir jordnær tilnærming til denne fasinerande historia som på ein måte pregar heile vår kultur, og kanskje er det viktigare enn nokon gong å lytte til ei stemme frå historia, noko juleevangeliet nettopp er.

 

Framsyningslengd: 50 min
Monolog

 

Presseomtale

Firda 2016: Teatermelding

Firda 2016: Teatermelding

«Det viste seg å vere ei overraskande potent innsprøyting med julestemning, formidla med sjeldan god overtyding.»…  «I 50 minutt held ho på, éi dame, éin monolog. Ho fortel levande om alt ho har på hjartet, ho brukar humor, blir sint, kjem på ting undervegs og sporar stadig av.»… «Dei historiske rammene smyg seg inn, men kjem i bakgrunnen av dei menneskelege betraktningane til Miriam. Og dette er grunnen til at det heile fungerer.»
 «Miriam slår deg fort som ei over snittet kvikk dame. Skodespelaren Idun Losnegård må også seiast å vere av det ressurssterke slaget, når ho leverer 50 minutt tettpakka med ord, ansiktsuttrykk og kroppsspråk, utan å på noko tidspunkt å vise teikn på at hugset sviktar. Det kan hende det gjorde det, men i så fall fekk ho det til å sjå naturleg ut.»… «Ei slik framsyning vil alltid stå og falle på innlevinga til skodespelaren, og Losnegård leverte med glans.»  …. «Dette er eit suverent alternativ for å få årets julestemning.»
 

Medverkande

Idun Losnegård

Kunstnarleg personale

Av Håvard Rem
Omsetjing Asbjørg Lotsberg
Regi Marit Østbye
Lysdesignar Krystian Myska

 


Speleplan og billettlenkje

25. november kl 18:00 (lø) Førde kyrkjehttps://softteater.ticketco.no/nb/e/miriam_si_forteljing__juleevangeliet
26. november kl 19:00 (sø) Vevring kyrkje, Naustdalhttps://softteater.ticketco.no/nb/e/miriam_si_forteljing__juleevangeliet__vevring
28. november kl 19:00 (ty) Leikanger kyrkje, Sognhttps://softteater.ticketco.no/nb/e/miriam_si_forteljing__juleevangeliet__leikanger
29. november kl 19:00 (on) Solvorn kyrkje, Lusterhttps://softteater.ticketco.no/nb/e/miriam_si_forteljing__juleevangeliet__solvorn
30. november kl 19:00 (to) Hauge kyrkje, Lærdalhttps://softteater.ticketco.no/nb/e/miriam_si_forteljing__juleevangeliet__laerdal
1. desember kl 19:00 (fre) Ålhus kyrkje, Jølsterhttps://softteater.ticketco.no/nb/e/miriam_si_forteljing__juleevangeliet__aalhus
2. desember kl 18:00 (la) Viksdalen kyrkje, Gaularhttps://softteater.ticketco.no/nb/e/miriam_si_forteljing__juleevangeliet__viksdalen
5. desember kl 19:00 (ty) Kjølsdalen kyrkje, Eidhttps://softteater.ticketco.no/nb/e/miriam_si_forteljing__juleevangeliet__kjoelsdalen
6. desember kl 19:00 (on) Hornindal kyrkjehttps://softteater.ticketco.no/nb/e/miriam_si_forteljing__juleevangeliet__hornindal
7. desember kl 19:00 (to) Leikanger kyrkje, Stadlandethttp://bit.ly/2zi2IHz
8. desember kl 19:00 (fr) Bø kyrkje, Leirvikhttp://bit.ly/2Bjlxvw
9. desember kl 18:00 (la) Brekke kyrkje, Gulenhttp://bit.ly/2Bhgz2r

 

Pressefoto

Kreditering av fotograf: Oddleiv Apneseth
Foto kan også lastast direkte ned frå Flickrhttps://www.flickr.com/photos/97709597@N03/albums/72157686377561370


Webfoto

1773 x 656 px

1773 x 656 px

2125 x 625 px

2125 x 625 px

394 x 552 px

394 x 552 px


Facebookarrangement

 


Kulturkalendarar

Firda - Det skjer
Firdaposten - Legg til arrangement , Skriverommet
Sogn avis - Kva skjer
Porten.no - Primstaven

 

Lene Grande