Translyria/Shakespeare

Foto: Thomas Morel
Omtale
Tvillingane er fødde som jenter, men den eine er gut. Familien klarer ikkje å sjå Sebastian for den han er, og han forlèt dei. Tvillingsøstera Viola er redd for at noko forferdeleg skal skje og reiser etter for å finne han. Ho blir skyld i land i Illyria, tvillingbrorens indre verd, og her blir ho kjend med han som ho trudde var så lik henne sjølv.
Regissør Frode Gjerløw har laga ei moderne forteljing rundt kjende Shakespeare-klassikarar. Det er kjønn og forvikling på alle nivå: Kvinne speler mann fødd som kvinne. Kvinne spelar kvinne som kler seg ut som mann. Kvinne spelar mann som utøver makt over kvinner, og mann spelar kvinne som blir undertrykt av menn. Alt dette i god Shakespeare-ånd.
Allereie for meir enn 400 år sidan braut Shakespeare med gjengse kjønnsoppfatningar. Han skreiv både vakker poesi og reinhekla komikk om det feminine og det maskuline, noko som vart forsterka av at kvinner ikkje fekk stå på scena på Globe Theatre i London, og at kvinneroller vart spelte av menn. Han synte at menn kan vere kvinner og at kvinner kan vere menn, og at sosiale normer kan vere eller ikkje vere.
Shakespeare gir ekko heilt fram til vår eiga samtid, der transfobi og krav om å stå fram som «ekte» menn og kvinner legg hindringar i vegen for Romeo-ar og Julie-er. I dette stykket blir den historiske Shakespeare feira, og dagens samfunn utfordra.
Framsyningslengd: 1.30 - 1.45 min
Presseomtale
Medverkande
Sulekha Ali Omar
Anders Firing Aardal
Ida Løken Valkeapää
Benedikte Sandberg
Preben Rongve
Kunstnarleg personale
Av: William Shakespeare
Omsetjing: Edvard Hoem
Omarbeiding og regi: Frode Gjerløw
Lysdesignar: Krystian Myska
Lyddesignar: Ross Flight
Speleplan og billettlenkje
Urpremière
Turnépremière
Pressefoto
Pressefoto vert lasta opp på Flickr i veke 10
Webfoto

1000 x 500

785 x 414

500x750

1080 x 1080 Insta

851 x 315 FB cover

1200 x 628 FB annonse
Bildene over ligg tilgjengeleg for nedlasting.
Facebookarrangement
Kulturkalendarar
Firda - Det skjer
Firdaposten - Legg til arrangement , Skriverommet
Sogn avis - Kva skjer
Porten.no - Primstaven
Trykksaker
Plakat 29,5 x 62 cm
Flyer
Plakat 70 x 100: Førdehuset, Flora samfunnshus, Trivselshagen Sandane, Operahuset Nordfjordeid, Stryn kulturhus, Sogndal Kulturhus, Årdal kulturhus
Rollup: Førde, Florø, Sogndal
Årsprogram: også tilgjengeleg som issuu