Fysikarane

Fysikarane_1249px.jpg

Omtale

Tenk deg ei oppfinning som kan utslette alt livet på jorda, og tenk deg så at denne oppfinninga hamnar i hendene på den galnaste av dei alle. Heilt fjernt frå dagens røyndom er det kanskje ikkje...? 

Fysikarane av Friedrich Dürrenmatt er ein svart komedie, skriven i 1962 under den kalde krigen. Tre fysikarar er innestengde på lukka avdeling. Den eine trur han er Einstein, den andre trur han er Newton og den tredje er overtydd om at Kong Salomon openberrar seg for han. Nei, feil! Galskapen er berre eit skalkeskjul. Genialt, Ja! 

Den eine fysikaren vil verne verda mot si eiga oppfinning og let som om han er djupt forstyrra. Dei to andre er spionar på oppdrag for verdsmaktene. Dei òg må late som om dei er utilreknelege for å få eigarskap til ei oppfinning som vil gi uendeleg makt og verdsherredømme. På scena er det totalt kaos. Fem skodespelarar går inn og ut av 12 ulike karakterar. Dei stel replikkar frå kvarandre og skiftar kostyme framfor alle. Det som utspeler seg er det glade vanvit.   

Publikum blir utstyrt med øyreklokker som dei skal ha på under heile framsyninga. Det gjer dette stykket til ei heilt annleis teateroppleving. Ei ulande blålyslampe, knirkande dører og utilrekneleg babling - alle lydane kryp gjennom kablar og rett inn på øyret ditt og lukkar deg inne i ditt eige, private galehus. 

 

Framsyningslengd: 90 min
Blackbox, 48 plassar
NB! Bruk av øyreklokker under framsyning

 

Presseomtale

2018-02-05_Firda_-_05-02-2018_print.jpg
 
 

Medverkande

Idun Losnegård
Kyrre Eikås Ottersen
Lasse Lindberg
Reidun Melvær Berge
Thomas Bipin Olsen

Kunstnarleg personale

AV Friedrich Dürrenmatt
OMSETJING Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen og Reidun Melvær Berge
REGI OG VISUELT UTTRYKK Bodil Kvamme
LYSDESIGN Krystian Myska
LYD Robert Tomkiewicz

 



Pressefoto

Kreditering av fotograf: Espen Nyttingnes
Foto kan også lastast direkte ned frå Flickr: https://www.flickr.com/photos/97709597@N03/sets/72157690972651131

 


Webfoto

 500 x 750 px

500 x 750 px

 1000 x 500 px

1000 x 500 px

 785 x 414 px

785 x 414 px

Bildene over ligg tilgjengeleg for nedlasting. 

 Opne Dropbox-mappa og last ned bilete herfrå.

 

MARKNADSPLAN

ANNONSEPLAN

FACEBOOKPLAN

PRESSEMELDING

BESØKSTAL

TEKNISK RIDER

Lene Grande