Vinjejubileum!

 
 Foto: Ulf. R. Amundsen

Foto: Ulf. R. Amundsen

 
 

Vinje, vår mann

6 april 2018 var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Sogn og Fjordane teater og Rom for ord feirar målmannen, diktaren og folkeopplysaren med ein ny litterær konsert og teater-produksjon: ”Vinje, vår mann”, med premiere under Kulturnatt i Førde, fredag 1. Juni. 

”Ferdaminne frå sumaren 1860” av Aasmund O. Vinje var den første boka som kom ut på landsmålet Ivar Aasen hadde konstruert. Vaage fortel:

- Vinje vart ikkje forløyst som diktar før han fekk landsmålet å dikta på, og då var han 40 år gammal. Han hadde ei språkmusikalsk gåve, og han trong fridommen som det eigne språket gir for å få brukt denne gåva. Tekstane hans er ofte strenge formelt, med klassiske versemål, men med rytmisk og klangleg rikdom. Ofte diktar han om det opphavlege, det heimlege, det farne. Det er eige livsmateriale som ligg i botnen. Han kunne skriva om det på morsmålet.

Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma;
Heggen med tre som der blomar var på, eg atter såg bløma.
...
«Du les vitet av deg», vart det sagt til Aasmund, då han voks opp. Forholdet mellom bokleg lærdom og lærdom frå livets skule er ei hovudsak for Vinje, i både liv og verk. Han var nok ein av dei mest lærde i si tid, men praktisk lærdom såg han aldri bort ifrå.

- Vinje er min mann, seier forfattaren Lars Amund Vaage.

I denne litterære framsyninga fortel han om korleis Aasmund Vinje har kome til å bety så mykje for han, og reflekterer over alt han har å seie til oss i vår tid, framleis. Vaage akkompagnerer tenor Aasmund Kaldestad i nokre av Grieg/Vinje-songane på piano. Skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen frå Sogn og Fjordane teater les tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.
 

 
2018_Vinje_rekke_Foto_Ulf_R.Amundsen.jpg
 

"Vinje, vår mann" er produsert etter idé av Janne Karin Støylen frå Rom for ord. Dette er ei jubileumsforestilling med pianokonsert, song og teater. Framsyninga vert utvikla av Sogn og Fjordane Teater og teatersjef Bodil Kvamme si kunstnarlege leiing og regi.

 
Lene Grande