Velkommen til Tarve og futen i Kinnaspelet

 

Kalendaren viser juni og gradene kryp sakte men sikkert oppover på gradestokken. Vinterjakkene er pakka vekk, grillen har blitt børsta støv av og det er ingen tvil om at vi er inne i den første sommarmånaden. Men det sikraste juniteiknet for Sogn og Fjordane Teater er sjølvsagt Kinnaspelet.

 
Lars Berge som Tarve i Kinnaspelet 2013. Foto: Arne Stubhaug

Lars Berge som Tarve i Kinnaspelet 2013. Foto: Arne Stubhaug

 

På Kinn vil du som vanleg sjå mange kjende fjes, men årets fut er flunkande ny og vert spelt av Torfinn Nag. Sjølv om Torfinn er ny i Kinnaspelet, så er ikkje spel ei ukjend verd for han:

- Eg likar godt å jobbe med spel og har sjølv både skrive, regissert og vore skodespelar i fleire av dei. Kinnaspelet er det nest eldste spelet i landet og handlar om reformasjonen, og eg har sjølv også skrive og regissert eit spel som omhandlar det same, nemleg Strandaspelet. Det er flott å få jobbe ute, saman med engasjerte eldsjeler i ulike funksjonar, seier Torfinn.



 
TN.jpg
 


Fylket i sommarleg prakt

Og sjølv om han ikkje har vore med på Kinnaspelet før, så er ikkje dette hans første møte med Sogn og Fjordane. I 2008 hadde han nemleg regi på Sogn og Fjordane teater si framsyning «To skilte menn»:

- Vi hadde det utruleg gøy! Alle budde i Prestegarden og det var sosialt og kjekt! Dette var på vinterstid, så no gler eg meg til å komme tilbake til fylket og sjå det i sommarleg prakt, seier han.

Klar for “comeback”

Eit anna fjes som blir å sjå i årets Kinnaspelet er skodespelar Lars Berge sitt. Han spelte rolla som Tarve frå 2012 til 2014, og no er han klar for gjere «comeback» i same rolle:

- Det blir fantastisk å komme tilbake til Sogn og Fjordane og Kinnaspelet igjen! Eg har berre gode minne frå dei gongane eg har vore med tidlegare, så eg gler meg stort. Og så gler eg meg til å møte igjen alle dei fantastiske menneska som framleis er med, og til å bli kjend med alle som har kome til sidan sist!, fortel han entusiastisk.

 
2019 Lars.jpg
 

- Kinnaspelet er teater i sin reinaste form

For mange er Kinnaspelet noko heilt spesielt. Lars er ikkje eit unntak:

- Det spesielle med Kinnaspelet er korleis så mange engasjerte menneske i alle aldrar bidreg til å fortelje ei historie. Ei historie som inneheld både universelle problemstillingar, samtidig som den er eit viktig kapittel i både nasjonal og lokal historie. Kinnaspelet er på mange måtar teater i si reinaste form, som både utfordrar og opplyser, samt er skapt av menneske som brenn for akkurat denne forteljinga.

- Blir som en liten unge

- Folk i Sogn og Fjordane er utruleg gjestfrie og rause, så sjølv ein enkel Sandefjording kjenner seg heime der, smiler Lars og legg til:

- Kinn er kanskje ein av dei vakraste plassane eg har vore, og under tidlegare spel har eg også pleidd å overnatte der ute. Eg har sikkert over hundre filmar lagra på mobilen frå dei tidlegare turane, så det er ein viss fare for at eg blir som ein liten unge første gong eg kjem ut der igjen, avsluttar han.





 
Lene Grande