Teateråret 2018

 
Les heile årsmeldinga på issuu.com (klikk på bilde)

Les heile årsmeldinga på issuu.com (klikk på bilde)

Sogn og Fjordane Teater er eit moderne, offensivt, produserande og turnerande teater med høg kunstnarisk kvalitet. I 2018 ønskte vi å lage eit program som skulle vere leikande, poetisk og sanseleg, men vi har òg hatt som mål å skape litt uro og å utfordre publikummet vårt med ulike sjangrar og teaterformer.

I løpet av 2018 har teateret besøkt alle kommunane i fylket, og har hatt 238 kunstnariske framsyningar og 47 formidlingsarrangement. Besøkstalet til Sogn og Fjordane Teater vart 18 032.

Sogn og Fjordane Teater har i løpet av 2018 presenterte seks eigenproduksjonar, der 3 av desse var urpremierar. I tillegg har vi hatt fleire gjestespel og samproduksjonar, lab-prosjekt og eventyrstunder.

Teateret har besøkt mindre og større stader i fylket vårt, spelt på dei store kulturhusa, i idrettshallar, bygdehus og kyrkjer. Målet er å vise scenekunst av høg kvalitet som også kan appellere til eit breitt publikum, slik at flest mogleg skal få del i tilbodet til teateret. Mykje for alle og noko for dei få.

Personlege og lokale historier

”Eg er i går” er eit stykke som ikkje berre er skrive på nynorsk, men på nynorske dialektar frå regionen. Her presenterte vi historier som er til å kjenne seg att i, og som byggjer på lokal kunnskap og tradisjon. 12 eldre frå heile Sogn og Fjordane var forfattarar. Den eldste 101 år, og den yngste 75 år. Manuset vart bygt opp omkring deira personlege og lokale historier frå regionen. Slik vart fylket si historie fortald gjennom innbyggjarane sine opplevingar av korleis det har vore å leve i Sogn og Fjordane. På scena var 4 profesjonelle skodespelarar saman med eldre frivillige dansarar, alt i alt 14 menn og kvinner, som turnerte med framsyninga. Om framsyninga var det sagt «Eg er i går er ei oppmoding til dei generasjonane som kjem etter; spør og grav!»

Rekruttering av skodespelarar med vestnorsk målføre

Framsyninga «Nasjonal prøve», av Maria Tryti Vennerød, vart ein kvalitetsproduksjon, ikkje minst takka vere dei 12 unike ungdomane som deltok. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane Teater og Firda vidaregåande skule som strakk seg over eit heilt år. Ein profesjonell instruktør, Jeff Pedersen, jobba i 8 veker fordelt over eit skuleår. Den siste perioden var saman med 3 profesjonelle skodespelarar. Klassen fekk i tillegg innføring i dramaturgi, lys, lyd, kostyme og scenografi. Produksjonen vart avslutta med ein 2-vekers turne i regi av teateret i samarbeid med Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane. Målet med dette prosjektet var samarbeid med elevar som er interessert i teaterfaget og vise dei mange ulike yrkesfaga som er på teateret, rekruttere ungdomar til publikum og ikkje minst er rekruttering av skodespelarar med vestnorsk målføre av stor betydning for eit nynorsk teater som vårt.

Ny nynorsk dramatikk

Årets samtidsdrama var ei urpremière, «Yogakrigen» av Ingrid Jørgensen Dragland. Dette er ny norsk dramatikk som skriven på nynorsk, og som er av stor verdi for eit nynorsk teater der det sceniske målføret er nynorsk. Stykket handlar om kvinner i alle aldrar, og deira ”kvardagsproblem”. Det heile er sett gjennom humoristiske briller i ei nyskapande form. Framsyninga spelte stort sett for fulle hus over heile fylket i blackboxen til teateret.

Vinje-jubileet

I 2018 var det 200 år sidan Aasmund Olavson Vinje vart fødd. Vinje var ein av dei første som tok i bruk det nynorske skriftspråket som journalist og forfattar. Vinje vart feira over det ganske land, også hos oss. ”Vinje, vår mann” var eit samarbeid med Rom for ord. Tre aktørar på scena, ein songar, ein forfattar og ein skodespelar. Teateret feira Vinje med denne framsyninga som turnerte både i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og i Hordaland. Den vart òg vist på ulike litteraturfestivalar.

Vi lyttar til publikum

Etter talrike oppfordringar frå publikum, valde vi å ta opp att ein suksess frå 2016 danseteateret ”På Lokalet”. Nok ein gong fylte vi forsamlingshus til randa med denne danseframsyninga. Ikkje berre i vårt eige fylke, men òg i Rogaland og Hordaland. Tilbakemeldingane var mellom anna: «100 prosent bygdekultur» og «At det går an å få sagt so mykje utan å seie noko i det heile».

Med teateret på øyret

Med framsyninga «Fysikarane» av Dürrenmatt fekk publikum oppleve teater som eit høyrespel. Tema i framsyninga er etikk og vitskap, og media omtala dette som «Skremmande aktuelt». Publikum vart utstyrt med øyreklokker som dei hadde på under heile framsyninga. Det gjorde dette stykket til ei heilt annleis teateroppleving. Ei ulande blålyslampe, knirkande dører og utilrekneleg babling - alle lydane kraup gjennom kablane og rett inn på øyret til publikum og lukka de inne i sitt eige, private galehus.

Vi gjer kvarande betre!

Det som har vore sentralt gjennom heile 2018 er samarbeid. Både saman med unge og eldre amatørar i «Eg er i går» og «Nasjonal prøve», samt Firda vidaregåande skule og Den kulturelle skulesekken. «Engelen frå Kobane» var ein samproduksjon med Hordaland Teater, «Yogakrigen» med Dramatikkens hus, «Vinje, vår mann» med Rom for ord, «Geitejazz» på Eventyrrommet med Førde kulturskule og sjølvsagt saman med dei 150 frivillige i «Kinnaspelet». Kyrkjene rundt om i fylket har også vore gode samarbeidspartar med framsyninga «Maria Magdalena – Jesu virke».

Teateret har også bidrege på «Gjesmearkivet» i Lærdal, «Det gule tapetet» på Harastølen, Nynorsk barnebokfest i Førde og Sogndal, Bornas verdsdagar Førde, Familiedag på Førdehuset, Kulturnatt i Førde, Heddadagene i Oslo og Teaterfestivalen i Fjaler. Resultatet er med å skape eigarskap til teateret i tillegg til at vi saman kan skape noko saman som vi kvar for oss ikkje hadde klart å realisere med eit like godt resultat.

Resultat

Sogn og Fjordane Teater leverte eit resultat som var i tråd med budsjettet for 2018, med eit underskot på kr 318.171. Styret valde å nytte opptent eigenkapital for å sikre viktige prosjekt. Samla driftsinntekter var på 29,3 mill. Resultatet i 2018 gjev Sogn og Fjordane Teater ein eigenkapital på i overkant av 4 mill. Trass i budsjettert underskotet er eigenkapitalen godt innanfor styret sitt mål.