Teateret skiftar namn

 
Bodil Kvamme_ utanfor teatersal_2_9860.jpg

Frå og med 2020 heiter det ikkje lenger Sogn og Fjordane Teater. Det nye namnet er Teater Vestland.

Dette vart bestemt då eigarane til teateret (Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune) var samla til ei ekstraordinær generalforsamling fredag 20. september. Tida fram til dette vedtaket har vore prega av grundig arbeid. Mange ulike omsyn har blitt vegne opp mot kvarandre, og fleire namn har vore oppe til vurdering.

Teatersjef Bodil Kvamme peikar på at det er nokre klare fordelar med det nye namnet.

— Det seier noko handfast om kvar vi er. Og så likar eg at «Teater» kjem først i namnet. Det er kjerna i alt vi gjer, seier teatersjef Bodil Kvamme.

Inkludere alle

Å gi slepp på eit veletablert namn er alt anna enn enkelt. Vi på teateret legg ikkje skjul på at avgjerda var vanskeleg, og vi forstår at nyheita kan vere vanskeleg å motta også.

Bakgrunnen for namneendringa er at Stortinget har bestemt at fylkeskartet skal teiknast på nytt. Dei to fylka våre skal bli eitt under namnet Vestland.

— Som regionteater i eit større fylke er det viktig å inkludere alle, seier teatersjef Bodil Kvamme.

Heile Vestland sitt teater

Ved å skifte namn til Teater Vestland, seier vi klart og tydeleg at vi er eit teater for alle i det nye fylket. Det kjem folk i heile Vestland til å sette pris på, trur vi.

Teateret produserer framsyningar som held så høg kunstnarleg kvalitet at fleire bør få sjå dei. I tillegg er vi det største turnerande teateret i regionen, og har høg turnéaktivitet. Teateret har unik erfaring med å sende teaterstykke ut på vegen. Vi har gjennom fleire tiår vist at inga logistisk utfordring er for stor - og ingen tunnel for trong - når det gjeld å frakte teateret sitt magiske univers heim til folk.

Det skal vi halde fram med, berre i eit større geografisk område.

— Målet vårt er å gi teater til alle vestlendingar, i Nordfjord så vel som i Nordhordland, i Sogn så vel som i Sunnhordaland, og i Sunnfjord så vel som i Hardanger og i resten av Hordaland, seier teatersjef Bodil Kvamme og held fram:

— På sikt trur eg at det nye namnet vil forankre oss som heile Vestland sitt teater. Det er ikkje dei og oss - det er vi.

Felles språk og kultur

Med den kompetansen og lange erfaringa som vi har med å turnere, i over 40 år, er vi godt rusta og ser fram til å turnere i heile det nye fylket.

— Målet vårt er at alle bygder, tettstader og byar i Vestland skal få høyre sitt eige vestnorske målføre frå scena. Det skaper sjølvkjensle å vere heime i sitt eige språk, seier teatersjef Bodil Kvamme.

Med vilje til å utfordre og på same tid inkludere publikum kan vi styrke samhaldet i det nye fylket.

— Vi vil bidra til å finne den felles kulturen som knyter vestlendingane saman i dag og i morgon, seier teatersjef Bodil Kvamme.


 
Lene Grande