Teateret inn i Nynorskhuset

 
Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

No er det sikkert: Sogn og Fjordane Teater har politisk støtte og økonomiske musklar til å vere med på å realisere Nynorskhuset i Førde.

Begge eigarane av Sogn og Fjordane Teater - Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune - har i møte dei siste par vekene vedtatt å støtte teateret si deltaking i Nynorskhuset med naudsynte midlar.

Statsbudsjettet denne veka kom også med gode nyheiter. Teateret får éin million kroner til å jobbe vidare med Nynorskhus-draumen.

— Dette er viktige midlar for oss og eit tydeleg signal om at det er politisk vilje for at teateret skal vere ein del av Nynorskhuset saman med NRK Sogn og Fjordane og Firda. Det er vi enormt glade for, seier teatersjef Bodil Kvamme.

Også direktøren ved Sogn og Fjordane Teater, Margunn Grytten Selvik, er oppløfta.

— Vi får brei støtte, og det motiverer til å arbeide endå betre framover. Heilt konkret betyr det at vi kan gå vidare i lag med NRK Sogn og Fjordane og Firda og utlyse konkurranse om bygget, seier direktør ved Sogn og Fjordane Teater, Margunn Grytten Selvik.

Dekker auka husleige

Teateret har i alle år leigd lokale i Førdehuset og ønsker å halde fram med å leige i Nynorskhuset. Også NRK Sogn og Fjordane og Firda ønsker å leige.

Dette synet fekk teateret støtte for i bystyret 26. september og i fylkestinget 8. oktober. Både kommunen og fylket aukar tilskotsnivået frå 2022 for å dekke inn høgare leigekostnader.

— Flytteplanane vil med andre ord ikkje gå ut over teateret si kjerneverksemd: Å produsere og å turnere med kvalitetsteater, seier styreleiar Rasmus Mo.


Både dra i lag og utfordre kvarandre

Ideen bak Nynorskhuset er å samle kultur og media på nynorsk under eitt tak i det som vil bli den største nynorskklynga i landet.

— Det har verdi for både Førde lokalt og det nynorske språket nasjonalt, seier styreleiar Rasmus Mo og held fram:

— Sogn og Fjordane Teater er det einaste teateret i Norge som turnerer fast i eit område med store produksjonar på nynorsk. Firda er den største lokalavisa på nynorsk, og NRK Sogn og Fjordane produserer journalistikk i nynorskdrakt til heile rikskringastinga. Nynorskhuset blir eit samlande bygg for språket vårt.


Bidra til kritisk refleksjon

Direktør Margunn Grytten Selvik har store forhåpningar til kva som kan oppstå i brytinga mellom teateret og media; mellom den skapande scenekunsten og samfunnets vaktbikkje.

— I desse «ulvetider» med raske overblikk og overskrifter, ikkje minst i sosiale media, er det lett for å bli polarisert. Eg meiner at vi treng fleire arenaer for meiningsbryting og den gode diskusjonen. Med vekselsvis å dra i lag og å utfordre kvarandre ser eg gjerne at Nynorskhuset frå første dag bidrar til kritisk refleksjon og eit opplyst samfunn, seier Selvik.


No er det ikkje så mykje som kan stogge flytteplanene

— Så sant det ikkje oppstår noko uventa, blir vi ein del av Nynorskhuset. Det nye huset er ei rendyrking og ei satsing som vi trur vil komme nynorskbrukarar, -forkjemparar og -elskarar til gode, seier Selvik.

 
Lene Grande