Riksteatret utvidar turnéruta i Sogn og Fjordane i 2019

 
2019GMM_Facebook_arr.jpg

I samarbeid med Riksteatret og Haugesund Teater presenterer Sogn og Fjordane Teater ein utvida turné i Sogn og Fjordane med framsyninga "Georgs magiske medisin"!

Denne familieframsyninga har première i Oslo i oktober 2018, og vert spelt i Sogn og Fjordane i perioden 3.-11. februar 2019. I tillegg til Riksteatret sine ordinære spelestadar i Sogn og Fjordane som er Førde, Florø, Sogndal og Nordfjordeid skal framsyninga også spelast i Høyanger, Årdal, Stryn og Måløy no når Sogn og Fjordane Teater er med på laget!
 

Roald Dahl er ein forfattar i særklasse og har skap ei verd av uutømmeleg fantasi. Han var alltid på borna si side, og lét aldri ein sjanse gå ifrå seg til å sparke dei som sparkast bør, dei maktsjuke, arrogante, autoritære og dømmande. Vaksne, sjølvsagt. Men først og fremst får han oss til å le. Og grøsse. Og så blir vi litt skremde ( i alle fall ei stund til alt vert bra att). Og så ler vi endå meir. Forteljingane til Roald Dahl har blitt til internasjonale storfilmar, fargerike musikalar og fengande barneframsyningar.

Når Riksteateret tek Georgs magiske medisin til scena engasjerer vi regissør og dramatikar Morten Joachim, som også har sett opp Doktor Proktors prompepuvler. Han lovar ei framsyning med mykje musikk og magi som involverer borna og tek ungane sin fantasi på alvor. Med Georgs magiske medisin skal han setje alt på hovudet og slå seg laus på borna sine vegne – heilt og fullt i Roald Dahl si ånd.

Dette skal bli passe rampete teater for heile familien. Også for bestemødrer, dersom dei torer!

Billettar i sal HER

 

 
Lene Grande