«Det var så ein nesten gløymde å trekkje pusten»

 
Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

 «Det var så ein nesten gløymde å trekkje pusten» var ei av tilbakemeldingane etter framsyninga av «Maria Magdalena – Jesu virke» i førre turnérunde.

Vi veit alle kva som skjer i evangeliet, men sjeldan får vi høyre det på denne måten. Historia om Jesus blir fortalt gjennom kvinnene rundt han. I «Jesu virke» er ordet gitt til Maria, ho som hadde tilnamnet Magdalena. Ho fortel at Jesus redda henne frå galskap og prostitusjon, og at ho hadde eit nært forhold til han. 

I april legg vi nok ein gong ut på vegen med framsyninga, og i år som i fjor er det skodespelar Reidun Melvær Berge som gir liv til Maria Magdalena:

- Historia handlar om Jesus sitt liv, sett frå ein av hans nærmaste disiplar, nemleg Maria Magdalena. Det handlar om hennar personlege forhold til Jesus og hennar møte med hans ideologi og tankesett. Samtidig handla det også mykje om den tida, opplev eg. Det kjem tydeleg fram kor uroleg samfunnet var og kor farleg tinga dei gjorde var, fortel Reidun.

 

Ferskt materiale

Noko av det som Reidun synest er mest fascinerande er at materialet kjennes så ferskt:

- Historia blir fortalt med eit her-og-no-perspektiv. Alle veit at Jesus blir korsfesta, men Maria Magdalena veit ikkje dette når ho fortel historia si. Difor kjennes det så ferskt. Mange av dei historiene som vi kjenner så godt, blir satt inn i eit anna lys.

I forkant har ho også jobba mykje med karakterarbeid:

- Kva har Maria Magdalena opplevd sjølv, og kva har ho høyrt om? Kva ligg lett framme og kva må ein leite meir etter? Kva tid levde ho i, kva var forholda rundt ho? Eg tenker ofte at dess lenger «nede i driten» ho har vore, dess større vil det vere å kunne bli frelst. Det er så utruleg viktig å sette seg inn i desse tinga, forklarar ho.

 

Regissør Marit Østbye og skodespelar Reidun Melvær Berge. Foto: David Bowen.

Regissør Marit Østbye og skodespelar Reidun Melvær Berge. Foto: David Bowen.

Bitterheit og kontrastar

I helga har Reidun vore i Oslo for å prøve opp igjen monologen saman med regissør Marit Østbye:

- Noko av det vi har jobba med er kva forhold Maria har til dei ulike historiene. Ho veit godt kva folk ho ikkje likar og har mykje bitterheit i seg. Ho har hatt eit skikkeleg «drittliv», så ho kan meine ting om prestane som er dømmande og som aldri har teke vare på ho på noko vis. Og så får du den enorme kontrasten til korleis ho så blir motteke. Det gjev ei tydeleg endring i karakteren og viser store kontrastar i Maria Magdalena, og det er enormt spennande for meg å jobbe med, fortel Reidun engasjert.

 

- «Jækla» mange gode historier

Å gjere ein monolog er noko anna enn å spele mot andre og krev eit anna fokus. For Reidun blir publikum veldig viktige:

- Eg fortel jo historia mi til nokon, som sjølvsagt blir publikum. Og sidan monologen er så lang og det er eg åleine som skal drive fram teksten, må eg sjølv leite etter «banene».  Eg må finne dei tinga i meg sjølv, eller i dei som ser og høyrer på, seier ho og legg til:

- Publikum lyttar veldig intenst i ein så intim setting og det er ikkje alltid like lett å lese folk, å forstå kva dei tenkjer. Mange går litt inn i seg sjølv. Men så får vi høyre etterpå at dei opplevde og høyrde ting som dei ikkje hadde høyrt for. Innhaldet blei nytt, sjølv om historia er kjend. Då har vi fått til noko, tenker eg, seier Reidun.

Og sjølv om stoffet ikkje er nytt for Reidun, så oppdagar ho stadig nye ting:

- Det er spennande å dykke ned i manus igjen, og eg håpar at ting har modnast sidan sist. Stoffet held seg ferskt av seg sjølv, det er jo ein grunn til at Bibelen har heldt seg i tusenvis av år. Det er «jækla» mange gode historier der, ler ho.

Sjå heile speleplanen for framsyninga Maria Magdalena - Jesu virke HER

 

 

 

 

 

 
Lene Grande