LEDIG STILLING REKVISITØR

 
Ny logo.jpg
 
 
 

Sogn og Fjordane Teater vart etablert i 1977, og er regionteater for Sogn og Fjordane. Teateret er å sjå på som ein del av det samla kulturtilbodet i fylket, med ca. 200 framsyningar og eit besøkstal på 15.000-20.000 per år. Sogn og Fjordane Teater har nynorsk som målform og nyttar vestnorske målføre som scenespråk. Sogn og Fjordane Teater er eit turnéteater med scene, produksjonslokale og administrasjon i Førde. Teateret har 19 fast tilsette. Eigarar er Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune, med staten som største tilskotsytar.


LEDIG STILLING
MULTITEKNIKAR MED HOVEDANSVAR SOM REKVISITØR


Sogn og Fjordane Teater søker etter ein person som kan bidra på fleire område som multiteknikar, med hovudansvar som rekvisitør.


Vi søker etter ein person som er kreativ, praktisk anlagt og har interesse for ulike former for handverk. Det er ynskjeleg at du har kunnskap om forskjellig materiale og erfaring frå ulike typar handverk. Det vil vere ei føremon at du har utdanning innan kreative og estetiske fag.

Som rekvisitør må du arbeide aktivt med scenograf og instruktør, og skaffe eller lage rekvisittar til framsyningane. Du har auge for detaljar og evne til å finne løysingar under tidspress. Vi søker ein person som arbeider sjølvstendig og er strukturert, og er oppteken av å skape gode relasjonar og samarbeider godt.

Det er ei føremon at du som søker har erfaring frå teaterproduksjonar og at du er glad i teater som kunstform.


Det ligg turnéplikt til stillinga. På turné vil ansvarsområde vere førebuing og vedlikehald av kostyme, parykkar, sminke og rekvisittar. Generell rigging er også ein del av jobben som multiteknikar. 

Søkaren må ha førakort for personbil. 


Stillinga som multiteknikar med hovudansvar for rekvisittar er ei 100% stilling i eit 2-års vikariat. Sogn og Fjordane Teater tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, og løn etter gjeldande tariffar i teatersektoren.


Spørsmål om stillinga kan rettast til teatersjef Bodil Kvamme på telefon 975 47 249, eller e-post: bodil.kvamme@softetater.no.


Søknad med CV skal sendast til post@softeater.no. Merk søknaden med SØKNAD Rekvisitør.

Søknadsfrist: 10. august
Intervjuperiode: august/september
Oppstart: Snarast eller etter avtale

 
Lene Grande