LEDIG STILLING

 

PRODUKSJONSLEIAR

 

Sogn og Fjordane Teater vart etablert i 1977, og er regionteater for Sogn og Fjordane. Teateret er ein del av det samla kulturtilbodet i fylket, med ca. 200 framsyningar og eit besøkstal på 15 000-20 000 pr. år. Sogn og Fjordane Teater har nynorsk som målform og nyttar vestnorske målføre som scenespråk. Teateret er eit turnéteater med scene, produksjonslokale og administrasjon i Førde. Sogn og Fjordane Teater har 18 fast tilsette. Eigarar er Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune, med staten som største tilskotsytar.


Sogn og Fjordane Teater søkjer produksjonsleiar i 100% fast stilling. Produksjonsleiaren sit i leiargruppa og er teatersjefen sin næraste medarbeidar i planlegging av teaterframsyningane.

Arbeidsoppgåver vil vere ansvar for framdrift og gjennomføring av kvar produksjon, i tillegg til personalansvar for teknisk personale og budsjettansvar. Produksjonsleiaren må tidvis fungere som inspisient i teateret sine produksjonar.

Vi søkjer ein person med relevant utdanning og røynsle, gjerne teaterfagleg. Personen må vere strukturert, sjølvstendig og ha gode kommunikasjonsevner. Vedkomande bør ha kunnskap om og røynsle frå prosjektleiing og bruk av data som arbeidsverktøy.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, og løn etter avtale.
Spørsmål om stillinga kan rettast til teatersjef Bodil Kvamme på telefon 975 47 249, eller e-post: bodil.kvamme@softetater.no

Søknad med CV skal sendast elektronisk til post@softeater.no

Søknadsfrist 12. januar 2018

 
Lene Grande