Når er det for seint å få barn?

 



 
IdunMiriam2 - Dramatikkfestivalen 2019.jpg
 

Eit av spørsmåla som du får høyre meir om på Norsk Dramatikkfestival 13. – 15. juni i Oslo er: Når er det for seint å få barn? Festivalen sitt mål er å gje publikum moglegheit til å oppleve tekstar av utvalde dramatikarar som representerer notidas tendensar i norsk dramatikk. Sogn og Fjordane Teater presenterer saman med Hordaland Teater ei iscenesett lesing av teksten «Eg skal fortelje deg om mitt liv» av dramatikar Veronika Erstad. Teksten handlar om einsemd og stiller spørsmål om kor tid det er for seint å få barn og om det å velje å få barn åleine.

Ved eit vegskilje

Skodespelar Idun Losnegård. Foto David Zadig

Skodespelar Idun Losnegård. Foto David Zadig

Det er skodespelar Idun Losnegård som skal iscenesette teksten, og sjølv seier ho at ho opplever at kvinna i teksten står ved eit vegskilje:

- Teksten handlar om ei kvinne som har kome i ein alder der ho kjenner at klokka tikkar dersom ho skal få realisert ønsket sitt om å få barn. Ho har lenge hatt ein klar plan om å få barn åleine, men denne planen blir utfordra når ho plutseleg forelskar seg. Ho blir fanga i sin eigen usikkerheit, fortel Idun.

Saman med regissør Miriam Prestøy Lie er ho i desse dagar i gang med intense prøvedagar. Det har teke litt tid for dei å knekke koden:

- Teksten er ikkje skrive som ein tradisjonell monolog, der alt er tale ut til publikum, det er skrive meir som ein «stream of consciousness». Karakteren drøymer om å skrive eit skodespel som kan vere ein dialog med publikum, så det ligg også eit meta-aspekt oppi det heile, forklarar ho og legg til:

- Den sceniske forma vi har valt, følgjer logikken i teksten, men også karakteren si store einsemd. Vi er liksom i draumen hennar om dette skodespelet som skal vere ein kontakt mellom ho sjølv og publikum. Så vi har den siste veka leita etter eit konsept som kan forløyse teksten, seier regissøren.

Tabubelagt tema

Temaet som monologen tek opp er høgst relevant i dagens samfunn, der alderen til førstegongsfødande stadig går opp og det blir meir og meir vanleg å få barn utan ein partner. Likevel er det framleis eit tabubelagt tema å snakke om:

- Vi har ikkje mange tabu igjen, men dette er eit av dei. Temaet i seg sjølv er kanskje ikkje tabubelagt, men det er veldig vanskeleg å snakke om det når det gjeld ein sjølv. Ho skildrar einsemda som ho kjenner på, medan alle andre rundt ho får barn og familie. Ho ønsker å bli trengt, ho vil ha nokon, vere i ein samanheng, forklarar Miriam.

- Ja, ho er verkeleg dønn ærleg. Dette er ein veldig sår tematikk for ei kvinne. Det dreier seg mykje om skam. Skamma over å ikkje få det til og å måtte gjere denne prosessen på veldig teknisk vis, mellom anna, seier Idun.


- Kopla direkte på tankane hennar

- Noko av det eg likar godt med forma teksten er skrive på er at vi er så tett på hennar indre, det er nesten så vi er kopla direkte på tankane hennar. Vi får ikkje samtalane med dei rundt ho, men vi får hennar reaksjonar på det. Ho må argumentere for seg sjølv og sin situasjon, og ein forstår raskt at ho har fått mange meiningar mot seg. Difor har ho kanskje heller ikkje opna seg så mykje opp for dei ho har rundt seg, fortel Miriam medan Idun nikkar og legg til:

- Så dette er jo på ein måte ein draumesituasjon for henne, der ho har eit publikum, og kan seie akkurat det ho kjenner på. Ho har mange sprikande draumar, og det gjeld å henge med på alle dei ulike tankespranga hennar, ler Idun.

Teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, Bodil Kvamme, gler seg særleg over at nynorsken er representert på festivalen:

- Det er altfor få som skriv på nynorsk, så vi er jo veldig takksame for at det nynorske språket blir framheva på Norsk Dramatikkfestival. Nynorsk dramatikk er ein av teateret sine fanesaker, og difor er det veldig kjekt å ha fått dette tilbodet om samproduksjon med Hordaland Teater, seier ho.

Teatersjef ved Hordaland Teater, Solrun Toft Iversen, gler seg også over samarbeidet om denne teksten.

- «Eg skal fortelje deg om mitt liv» er ein intens tekst som eg trur mange vil oppleve ein relevans og kraft i. Eg ser fram til å oppleve korleis Miriam Prestøy Lie og Idun Losnegård tolkar og formidlar den. Det vert eit møte mellom sterke kunstnarar, avsluttar Toft Iversen.


Visninga kan du sjå på Dramatikkens hus, 13. juni kl. 21.00.