«Invasjon» til Heddadagene!

 
Sogn og Fjordane Teater_Invasjon (5).jpg
 

Oslo må bu seg på «Invasjon» frå Sogn og Fjordane
 

For andre gong i historia er det klart for Heddadagene. 30 teater frå Kautokeino til Kristiansand står bak teaterfestivalen i Oslo, og Sogn og Fjordane Teater har ingen planar om å gå stilt i dørene når dei rykker inn i hovudstaden.  

Dei respektive teatera bestemmer sjølve kva stykke dei vil vise. Sogn og Fjordane Teater har valt «Invasjon» frå 2017-repertoaret, ei fysisk og leiken framsyning med heftig dans og hyppige sceneskifte. «Invasjon» er blant det ypparste av europeisk samtidsdramatikk. 

Saman med skodespelarane klarer instruktør Frode Gjerløw kunststykket å snike seg nesten umerkt inn i hovudet ditt. På listig vis blir du konfrontert med dine eigne kjensler og fordommar, og du går ut frå teatersalen med ei kjensle av å ha vore medverkande. 

Stykket er skrive av Jonas Hassan Khemiri. Han fekk massiv merksemd då han debuterte som dramatikar med stykket «Invasjon» på Stockholms Stadsteater i 2006. Med svensk mor og tunisisk far voks forfattaren opp i den kulturelle spagaten som mange innvandrarar kjenner seg att i, og i «Invasjon» held han opp spegelen for oss alle. Stykket er vist på kryss og tvers av Europa, mellom anna i Tyskland, Frankrike og Storbritannia.

Teatersjef Bodil Kvamme er mektig stolt av framsyninga.
- På ein underhaldande og tankevekkande måte klarer instruktør og skodespelarar å formidle stykkets tematikk, denne framandfrykta som kanskje eksisterer meir i oss enn utanfor oss - eller kanskje ikkje....? Stykket  er godt gjennomarbeidd og treff både ungdommar og vaksne. 

 

Les meir om "Invasjon!" her

 

Heddadagene: 

  • Åtte Oslo-teater er vertsskap når landets scenekunst skal feirast. 
  • Festivalen er eit spleiselag. 
  • På programmet står meir enn 40 framsyningar, i tillegg til eit fyldig fagprogram.
  • Festivalen blir avslutta med utdelinga av den prestisjetunge Heddaprisen, som Sogn og Fjordane Teater har motteke to gonger.
  • Tidspunktet er 8.-17. juni.
  • "Invasjon" vert spelt på Teater Manu fredag 8. juni og laurdag 9. juni.
 
Lene Grande