Telegrafen i Lærdal blir teaterscene

 
 
 
Gjesmearkivet_facebook.jpg
 

Sogn og Fjordane Teater støttar gode teaterprosjekt som er knytt til fylket vårt. 

"Gjesmearkivet" er ei nyskapande framsyning som utspelar seg i den ærverdige Gamle Telegrafen, midt på Lærdalsøyri.
6 framsyningar vert spelt i perioden 14.-16. juni, og det er kun 20 billettar tilgjengeleg på kvar framsyning.

Ei gruppe unge scenekunstnarar, alle knytt til Sogn og Fjordane, har tatt for seg det rikhaldige arkivet etter lærdalskunstnaren Hans Gjesme (1904–1994). Arkivet inneheld alt frå handlelister og dagboknotat skrivne på tobakkspapir, til brev og sjukehusnotat. Det set scenekunstnarane på sporet av eit heilt spesielt menneske og kunstnar, som levde eit usedvanleg liv. I framsyninga vert publikum invitert med på ei reise gjennom livet til Hans Gjesme, og alle husets krikar og krokar tatt i bruk.

Kunstmålaren Hans Gjesme kom frå Voll i Lærdal, og dedikerte det meste av sin kunstnarskap til å skildre naturen og menneske i heimbygda. Han gjekk i lære hos Pola Gauguin i Oslo og André Lhote i Paris, og debuterte på Vestlandsutstillingen i 1926.

Før han dødde i 1994, donerte Hans Gjesme heile samlingi si, på omlag 1500 verk, til Lærdal kommune. Denne samlinga inneheld dei fleste av dei viktige verka til Gjesme, og er lagra og utstilt i Sogn kunstsenter, som opna i 2011.

 
 
Gjesmearkivet_plakat_utan_logo.jpg
Knut Gjesme måler.jpg
 
knut Gjesme går.jpg
 
 
Foto: Mariell Øyre

Tekst, musikk og lyddesign: Jostein Avdem Fretland, Regi: Miriam Prestøy Lie, Scenografi, kostyme og maske: Vilde Jenssen Hjetland, Lysdesign: Sondre Hellandsjø Lysne,

Medverkande:
Oda Kirkebø Nyfløtt, Vincent Vernerie, Fredrik Høstaker, Synne Reichelt Føreland, Angy Avenando, Anne Lise Urdahl, Inger-Johanne Kaardal, m.fl.

 

Framsyninga er produsert med støtte av:
Norsk Kulturråd, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Levande Lokale/ LNU, Sogn og Fjordane Teater, Fond for Frilansere, Tynjum Grendalag.

 
Lene Grande