Det er snart teaterfestival - i Fjaler!

 
Foto: David Zadig

Foto: David Zadig

I 2013 fann regissørane Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie ut at dei ville starte teaterfestival der dei budde, i Dale i Fjaler kommune. Saman med kulturprodusent Ingrid Hansen stifta dei Teaterfestivalen i Fjaler. I juni i år hadde dei programslepp for årets festivalprogram, sjuande året på rad. Dette skal vi snart komme tilbake til, men det viktigaste først: kvifor teaterfestival i Dale?

- Kvifor ikkje? svarar Torkil og Miriam, nærast i kor.

- Vi bur her og synst det blei litt travelt å reise rundt i verda og sjå teater, så då inviterer vi heller verda hit, smiler dei. Og så er jo Miriam og eg veldig glade i å arrangere ting då. Ideen om ein teaterfestival vart teken godt i mot, for dette er ei bygd der folk likar at det skjer ting, og dugnadsanden står sterkt, fortel Torkil.

- Ta det med ro, sunnfjordingane kjem

Sidan starten i 2013 har Teaterfestivalen i Fjaler berre auka i storleik:

- Første året inviterte vi til festival med sju framsyningar. Dagen før festivalen starta hadde vi berre seld ein billett, og den var det attpåtil svigermora mi som hadde kjøpt. Eg vart jo lettare stressa av dette, men då fekk eg høyre: «ta det med ro, sunnfjordingane kjem på døra», og det gjorde dei. Alle 600 billettane vart selde, smilar Miriam.

Sju år seinare har festivalen ikkje berre blitt større, men sunnfjordingane har også blitt betre til å planlegge:

- I fjor hadde vi meir en tjue framsyningar, og fleire av desse var utselde lenge før festivalstart. Publikumstalet i fjor var på 4000 personar, og i Dale bur det jo berre 1000. Så ein kan vel trygt seie at festivalen har blitt større, seier dei samstemte.

Rørsle, avmakt og motmakt

Temaet for årets festival er «rørsle, avmakt og motmakt»:

2019 Teaterfestivalen i fjaler.jpg

- Det vi har lyst å tematisere i år er korleis enkeltmenneske kan forandre den verda vi lev i. På programmet har vi framsyningar som handlar om mange ulike måtar å forhalde seg til verda vår, om det å velje å delta, eller å velje å la vere, forklarar Torkil.

- Vi prøver alltid å finne ein tematikk som er relevant lokalt, men også i ein større samanheng. Det overordna temaet er noko å lese framsyningane gjennom, og noko å samlast om. Avmakt og motmakt er dei særleg sentrale orda. Fleire av framsyningane handlar om sårbarheita til demokratiet vårt. Men og ytringskultur, som er noko feltet vårt er særleg opptekne av, og noko vi har sett konsekvensar av dette året med debatten i kjølvatnet av framsyninga «Ways of seeing», legg Miriam til.

Og nettopp «Ways of seeing» er ei av framsyningane du får sjå på festivalen i år:

- Eg gler meg veldig til å sjå den her i Fjaler. Det er ei relevant framsyning i denne samanhengen, og det kjennast viktig å få vere med på å markere at vi ikkje godtar eit innskrenka ytringsrom gjennom å gje framsyninga ei scene her, seier Miriam.

Storslått framsyning i intimformat

Ei anna framsyning Miriam gler seg spesielt til er det Turteatern i Stockholm som står for:

- Kompaniet skal vere i Dale i to veker, og skal faktisk ha premiere på festivalen med ei ny framsyning som heiter «Det siste eposet». Dei har en idé om å ha ei framsyning som skal romme alt som finst i denne verda i ei veldig storslått framsyning, i intimformat, fortel ho og legg til:

- Dei har tidlegare gjort nokre framsyningar som kunne vare i opptil 24 timar, men vi har fått et tidsestimat på at denne framsyninga bli rundt 5 timar lang. Det er «festivalformatet» deira, ler ho.

På festivalprogrammet finn vi også «Døden kommer ikke med ljå». Den handlar om ein øko-terrorist, nemleg Ted Kaczynski, også kjent som «Unabomberen». I løpet av to tiår drap han tre menneske og skada tjuetre andre med brevbomber. Handlingane sine begrunna han som ein reaksjon mot truslane frå teknologisamfunnet, som han meinte øydela naturen:

- Denne framsyninga er veldig relevant til tematikken. Det er ein form for opprør som er veldig desperat og eg tenker at det er noko som vi kjem til å sjå meir av, dess meir folk kjenner at dei ikkje vert tatt omsyn til og problema stig, seier Torkil.

Takksam for samarbeid

Kvart år sender Sogn og Fjordane Teater ut ein eller fleire produksjonar til festivalen, men i år vart det heile fire, nemleg «Vinje, vår mann», «Geitejazz», i tillegg til «Oppdrag Mottro» og «Engelen frå Kobane», der dei to sistnemnde er samarbeidsprosjekt med Hordaland Teater:

- Vi er utruleg glade for dei flotte bidraga frå Sogn og Fjordane Teater, og ikkje minst er vi takksame for det gode samarbeidet vi har hatt alle åra vi har laga festival, seier Torkil.

Men det er ikkje berre produksjonar som vert sendt til festivalen. Kvart år sender teateret også ut fleire teknikarar og rundt tre tonn med utstyr:

- Det kan ikkje seiast ofte nok, vi hadde aldri kunne laga denne festivalen utan dette samarbeidet. Teateret kjem kvart år med stor iver, store musklar, og stor velvilje. Ein kan trygt seie at Sogn og Fjordane Teater er den tekniske ryggrada til festivalen, smiler Torkil.

Les meir om alle framsyningane på Teaterfestivalen i Fjaler HER

Kjøp billettar til Teaterfestivalen i Fjaler HER


 
Lene Grande