- Eg har sjeldan følt meg så velkommen

 
2019 Gullhår eventyrrommet.jpg

I 2016 opna Eventyrrommet på Sogn og Fjordane Teater og sidan den gong har vi hatt over 4000 barn på besøk for å høyre eventyra om Tommeliten, Askeladden, Hans og Grete, Gullhår og dei tre bjørnane og fleire andre fine og skumle forteljingar. Skodespelarane Reidun Melvær Berge og Kyrre Eikås Ottersen har spelt for barnehagebarn i alle aldrar. Dei opplever mykje forventning hos barna som kjem:

- Det er kjekt å sjå at barna blir fanga av rommet og alle eventyra på veggane, det er som om dei går inn i ei anna verd, seier Kyrre.

- Dei tek med seg så mykje forventning og glede. Eg legg også merke til at barnehagane ofte gjer ein dag ut av det. Dei et lunsj på Førdehuset og går kanskje på biblioteket. Det er kjekt at teater og historieforteljing kan vere ein del av deira kvardag på den måten, legg Reidun til.


Ufiltrert respons

Å spele teater for barn kan ofte vere uforutsigbart. Dei er engasjerte, ler høgt og er heilt ærlege:

- Ja, dei gir tydeleg beskjed dersom dei ikkje er nøgde, ler Reidun og legg til:

- Det kan vere at dei er svoltne, snubla på vegen hit eller at dei meiner dragen på veggen bak dei er meir spennande enn det vi gjer. Heldigvis er dei også veldig tydelege når dei er nøgde. Dei ler høgt om noko er morosamt og dei kryp opp på fanga når noko er skummelt. Og dei legg ikkje lokk på at dei frydar seg over at dei veit kva som kjem.

- Barn har lite filter når det gjeld respons og ofte kjenner dei eventyret frå før. Difor prøver vi og legge inn nokre «svingar» for å overraske dei. Vi serverer historia på ein litt anna måte, ja, på vår måte, forklarar Kyrre.

Dei meiner begge at dei vaksne har noko å lære av barna:

- Barn vil ofte delta i historia. Dei snakkar til deg, medan du spelar. Vaksne er på ein måte meir trent i å sjå teater, og følgjer normene. Der born gir deg si fulle merksemd, trur eg det er vanskelegare å fange dei vaksne i historia. Det er ikkje dragar og fargar som forstyrrar det vaksne publikummet, men sjølvsensur, kvardagstankar og mobiltelefonar. Der har nok vaksne litt å lære, seier Reidun.

2019 Gullhår turne.jpg

- Ungane blir sett

Eventyra vert ikkje berre spelt i Eventyrrommet i Førdehuset, men også fleire barnehagar i fylket har fått besøk av Reidun og Kyrre dette året. For Reidun var dette ei førstegangsoppleving:

- Det var veldig kjekt! Den største skilnaden var nok at vi no kom heim til dei, dette var deira heimebane og vi var på besøk. Eg trur at dei var meir avslappa, men så må vi også bruke litt tid på å samle dei, fordi den naturlege forventninga du får av å reise ein stad for å sjå teater ikkje er der. Det kjekkaste var mottakinga når vi kom, og avskjeden når vi drog. Alle ville hjelpe, og lurte på kven vi var, og ville gjerne at vi skulle kjenne dei også. Eg har sjeldan følt meg så velkommen som i ein barnehage, fortel Reidun.

Barnehagane sjølv opplever at teateropplevingar er god læring for barna:

- Eventyret om Gullhår og dei tre bjørnane vart presentert på ein måte som fenga heile barnehagegruppa vår, trass i det store aldersspennet. Nokre av borna kom også med innspel undervegs, noko skodespelarane tok på ein god måte, og vi trur at ungane opplevde å bli sett og høyrt gjennom dette. Det støttar ungane, og legg til rette for at dei meistrar å følge med, noko som igjen gjev born og oss vaksne i barnehagen ei god teateroppleving, seier Gry Losnegård Hansen ved Elvetun barnehage i Fjaler.


Foto: Bent Are Iversen










 
Lene Grande