- Å danse er litt som å sykle, det ligg i kroppen.

 

Det seier 76-åringen Tollef Årdal. Saman med Kolbjørn Bergset (81), Sarah Thingnes (81) og Kjersti Marie Imerslund (76) er han blant dei 14 seniorane frå fylket som er dansarar i framsyninga «Eg er i går».

 Sarah Thingnes (81), Kolbjørn Bergset (81), Kjersti Marie Imerslund (76) og Tollef Årdal (76) er blant dei totalt 14 seniordansarane på «Eg er i går». Foto: Charlotte Ottesen

Sarah Thingnes (81), Kolbjørn Bergset (81), Kjersti Marie Imerslund (76) og Tollef Årdal (76) er blant dei totalt 14 seniordansarane på «Eg er i går». Foto: Charlotte Ottesen

- Eg har dansa heilt sidan eg var ung gut, så eg kjenner mange av dansane frå før, som til dømes reinlenderen. Det er litt som å sykle, det ligg i kroppen, smiler Tollef.

Både Kjersti Marie, Kolbjørn og Tollef er med på seniordans på fritida, og det var slik dei fekk sjansen til å bli med som dansarar på «Eg er i går». Men ikkje alle var heilt sikre på at dette var noko for dei:

- Nei, han Tollef, han måtte overtalast. Eg prøvde fleire gonger, men han sa stadig nei, fortel Kolbjørn, før Tollef skyt inn:

- Ja, nei, eg synest kanskje ikkje at det var noko for meg. Men ein fredagskveld så sa kona mi: «Kva om du angrar etterpå?» Det var eit godt poeng. Og då takka eg ja. Og eg angrar ikkje på det, forklarar Tollef.


Scenedebutantar

Både Kolbjørn og Sarah er vande med å stå på scena, og dei har begge vore involvert i høvesvis amatørteater og dans.

 Sarah Thingnes (81) og Tollef Årdal (76) har dansa sidan ung alder og gler seg til å stå på scena. Foto: Johan Moen

Sarah Thingnes (81) og Tollef Årdal (76) har dansa sidan ung alder og gler seg til å stå på scena. Foto: Johan Moen

- Eg elskar å danse. Eg vaks jo opp i New York, i storheitstida. Det var jazz og musikk overalt. Så dans har eg alltid halde på med. Det er jo så utruleg kjekt, fortel Sarah engasjert.

Men for dei fleste av seniordansarane vert dette den store scenedebuten:

- Eg er jo vande med å prate for folk, til dømes har eg leia møter og slikt, men å stå på scena på denne måten, nei, det har eg aldri gjort før. Men eg gler meg, seier Tollef.

Også Kjersti Marie er scenedebutant, og ho får storfint besøk:

- Trur du ikkje dottera mi kjem køyrande frå Rogaland eins ærend for å sjå på mora si danse? Det er jo nesten for gale å køyre i timevis for slikt. Men samtidig er det utruleg kjekt, smiler Kjersti Marie.

- Dei er spesielt dedikerte

 Koreograf Hilde Sol Erdal. Foto R. Tomkiewicz.

Koreograf Hilde Sol Erdal. Foto R. Tomkiewicz.

På danseøvingane har dei med seg koreograf Hilde Sol Erdal. Ho seier at det er inspirerande å jobbe med seniorane:

- Dei har med seg så mykje meir enn berre dansetrinn og dei er heilt spesielt dedikerte. Vi lærer mykje av kvarandre og det er svært livgjevande. Dei er ein viktig del av framsyninga, fortel ho.

Dette er første gong Hilde Sol jobbar med berre seniorar og ho fortel at det gjev meirsmak:

- Dansarane våre kjem frå ulike dansemiljø og dette pregar framsyninga positivt. Dei er gode på kvar sine uttrykk, noko som gjev ekstra kvalitet til heilheita. Vi skal innom både folkedans, tango og meir moderne uttrykk. Publikum kan berre glede seg, seier ho.

Nervar før premieren

Med berre to veker til premiere er det mykje som skal på plass:

- Ja, det er jo ikkje berre trinna vi skal hugse, veit du. Det er jo ei samansetjing av alt. Kortid skal vi vere der og der, og kortid skal gjere slik og sånn. Det er krevjande, men veldig kjekt å halde både hovud og kropp i gang, forklarar Kolbjørn.

På spørsmål om dei kjem til å vere nervøse på premieredagen, kjem det kontant frå Sarah:

- Nei. Ingen problem! Vi skal jo lage show.

 
Lene Grande